Steve Reich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steve Reich
Steve Reich2.jpg
Fødd 3. oktober 1936
New York by
Aktive år 1963–
Sjanger Samtidsmusikk
Steve Reich på Commons

Stephen Michael «Steve» Reich (fødd 3. oktober 1936 i New York by) er ein amerikansk komponist av hovudsakleg minimalistisk moderne kunstmusikk.

Saman med La Monte Young, Terry Riley og Philip Glass var han ein pioner innan minimalistisk musikk frå midten av 1960-åra.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Steve Reich var fødd i New York. Foreldra hans skilde seg då han var eitt år, og han voks opp i New York og i CaSlifornia. Far hans heitte Leonard Reich. Mora hans, June Sillman, var aktiv på Broadway som songar, dansar og låtskrivar. Ho gifta seg opp att og fekk mellom anna sonen Jonathan Carroll, som blei forfattar.

Reich studerte komposisjon ved Julliard i New York og Mills College i California.[2]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

25. januar 2007 blei Reich utnemnd til vinnar av Polarprisen saman med jazzsaksofonisten Sonny Rollins.[3]

20. april 2009 blei han tildelt Pulitzerprisen i musik som nemnde Double Sextet frå 2008.[4][5]

I mai 2011 blei Steve Reich gjeven eit æresdoktorat av New England Conservatory of Music.[6]

I 2013 blei han tildelt BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award innan samtidsmusikk for å gje ei ny forståingav music gjennom bruk av realistiske element frå dagleglivet og element frå afrikansk og asiatisk tradisjonsmusikk.[7]

I september 2014 blei Reich gjevene Leone d'Oro, den gylne løva for livsverket sitt i musikk, ved Venezia-biennalen.[8]

I mars 2016 blei han gjeven eit æresdoktorat ved Royal College of Music i London.[9]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Soundtrack frå Plastic Haircut, tape (1963)
  • Music for two or more pianos (1964)
  • Livelihood (1964)
  • It's Gonna Rain, tape (1965)
  • Soundtrack frå Oh Dem Watermelons, tape (1965)
  • Come Out, tape (1966)
  • Melodica for melodika og tape (1966)
  • Reed Phase for sopransaksofon eller eit anna treblåseinstrument og tape eller tre treblåsienstrument (1966)
  • Piano Phase for to piano eller to marimbaer (1967)
  • Slow Motion Sound (1967)
  • Violin Phase for violin og tape eller fyra violiner (1967)
  • My Name Is for tre bandspelare og musiker (1967)
  • Pendulum Music for 3 eller 4 mikrofoner, forstärkare og högtalare (1968, reviderad 1973)
  • Four Organs for fyra elorglar og maracas (1970)
  • Phase Patterns for fyra elorglar (1970)
  • Drumming for 4 par stemda bongotrommer, 3 marimba, 3 klokkespel, 2 kvinnelege røyster, plystring og piccolofløyte (1970/71)
  • Clapping Music for to handklappande musikarar (1972)
  • Music for Pieces of Wood for fem par stemde claves (1973)
  • Six Pianos (1973) – transkribert som Six Marimbas (1986)
  • Music for Mallet Instruments, Voices and Organ (1973)
  • Music for 18 Musicians (1974–76)
  • Music for a Large Ensemble (1978)
  • Octet (1979) – revidert i 1983 for eit noko større ensemble, Eight Lines
  • Variations for Winds, Strings and Keyboards for orkester (1979)
  • Tehillim for røyster og ensemble (1981)
  • Vermont Counterpoint for elforsterka fløyte og tape (1982)
  • The Desert Music for kor og orkester eller røyster og ensemble (tekst av William Carlos Williams, 1983)
  • Sextet for slagverk og keyboard (1984)
  • New York Counterpoint for elforsterka klarinett og tape, eller 11 klarinettar og basklarinett (1985)
  • Three Movements for orkester (1986)
  • Electric Counterpoint for elgitar eller elforsterka akustisk gitar og tape (for Pat Metheny, 1987)
  • The Four Sections for orkester (1987)
  • Different Trains for stråkkvartett og tape (1988)
  • The Cave opera for fire røyster, ensemble og video (med Beryl Korot, 1993)
  • Duet for to violiner og stråkensemble (tileigna Yehudi Menuhin, 1993)
  • Nagoya Marimbas for to marimbaer (1994)
  • City Life for elforsterka ensemble (1995)
  • Proverb for røyster og ensemble (tekst av Ludwig Wittgenstein, 1995)
  • Triple Quartet for elforsterka strykekvartett (med innspelt tape), eller tre strykekvartettar, eller strykeorkester (1998)
  • Know What Is Above You for fire kvinnelege røyster og 2 tamburinar (1999)
  • Three Tales for videoprojektor, fem røyster og ensemble (med Beryl Korot, 1998–2002)
  • Dance Patterns for 2 xylofonar, 2 vibrafonar og 2 piano (2002)
  • Cello Counterpoint for elforstärkt cello og multikanal-tape (2003)
  • You Are (Variations) for røyster og ensemble (2004)
  • For Strings (with Winds and Brass) for orkester (1987/2004)
  • Variations for Vibes, Pianos, and Strings dansestykke for tre strykekvartetter, fire vibrafonar og to piano (2005)
  • Daniel Variations for fire røyster og ensemble (2006)
  • Double Sextet for 2 fiolinar, 2 celloar, 2 piano, 2 vibrafonar, 2 klarinettar, 2 fløyter eller ensemble og innspelt tape (2007)
  • 2x5 for to trommesett, to piano, fire elgitarar og to elbassar (2008)
  • Mallet Quartet for to marimbaer og to vibrafonar eller fire marimbaer (eller solo slagverk og tape) (2009)
  • WTC 9/11 for strykekvartett og tape (2010)
  • Finishing the Hat for to piano (2011)
  • Radio Rewrite for ensemble (2012)
  • Quartet for to vibrafonar og to piano (2013)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mertens, W. (1983), American Minimal Music, Kahn & Averill, London, (p.11).
  2. Alexis Petridis (1. mars 2013), «Steve Reich on Schoenberg, Coltrane and Radiohead», The Guardian, http://www.theguardian.com/music/2013/mar/01/steve-reich-schoenberg-coltrane-radiohead 
  3. Hans Gefors, "Steve Reich", translated by Neil Betteridge. Stockholm: Polar Music Prize, 2007 (accessed January 26, 2015).
  4. «The 2009 Pulitzer Prize Winners: Music». The Pulitzer Prizes. http://www.pulitzer.org/citation/2009-Music. Henta October 16, 2011.  With short biography and Double Sextet data including Composer's Notes.
  5. "2009 Pulitzer Prizes for Letters, Drama and Music," The New York Times, April 20, 2009.
  6. «Commencement 2011 | New England Conservatory». Necmusic.edu. http://necmusic.edu/commencement-2011. Henta October 16, 2011. 
  7. 2013 «BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award in Contemporary Music 2013». http://www.fbbva.es/TLFU/tlfu/ing/microsites/premios/fronteras/galardonados/2013/musica.jsp 2013. 
  8. 58th International Festival of Contemporary Music, September 20, 2014.
  9. Imogen Tilden (10 March 2016), «Royal College of Music honours Reich, Norrington and Jurowski», The Guardian, http://www.theguardian.com/music/2016/mar/10/royal-college-of-music-honours-reich-norrington-and-jurowski 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]