Allan Ramsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allan Ramsay

Sjølvportrett, 1756
Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 13. oktober 1713, 1713
Edinburgh
Død

10. august 1784, 1784 (70 år)
Dover

Yrke kunstmålar, bygningstegner
Sjanger portrett
Medlem av The Select Society
Far Diktaren Allan Ramsay
Ektefelle Margaret Lindsay Ramsay, Anne Bayne
Allan Ramsay på Commons

Allan Ramsay (13. oktober 171310. august 1784) var ein skotsk portrettmålar. Han var eldste sonen til diktaren Allan Ramsay, ein kjend poet i samtida.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ramsay var fødd i Edinburgh, og gjekk i lære hos den svenske målaren Hans Huyssing i London. Deretter arbeidde han tre år i Roma. Etter han kom heim, arbeidde han i fyrste omgang i Edinburgh. I 1757 måla han eit portrett av den dåverande prinsen av Wales, den seinare kongen Georg III. Dermed vart han ein kjend målar for den store krinsen av adelsfamiliar, og han måla på oppdrag ei rad portrett. I 1762 slo han seg ned i London. Fem år seinare vart han utnemnd til hoffmålar av kong Georg III.

Frue i ein rosa silkekjole, ca 1762

Gjennom sitt arbeid som hoffmålar var Ramsay mykje etterspurd. Dette sikra han regelmessige innkomer, men gjorde at han fekk lita tid til å lage andre verk enn portrett. Også stilmessig utvikla han seg lite. For å kunne etterkome den store etterspurnaden tok han i bruk assistentar når han laga måleria sine.

Ramsay slutta måle etter han i 1773 skadde høgrearmen i ei ulukke. Han døydde i Dover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Allan Ramsay