Allen Ginsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irwin Allen Ginsberg i Frankfurt i Tyskland 1978.

Irwin Allen Ginsberg (fødd 3. juni 1926 i Newark, daud 5. april 1997 i New York by) var ein USA-amerikansk poet og ein av leiarfigurane i både beat-generasjonen på 1950-talet og motkulturen som fulgte etter. Ginsberg var ein krass motstandar av militarisme, økonomisk materialisme og seksuell undertrykking. Det best kjende diktet hans er «Howl», skrive i 1955 og utgjeve i 1956.

Liv og dikting[endre | endre wikiteksten]

Allen Ginsberg voks opp i ein jødisk familie i Paterson i New Jersey. Også faren var diktar. Mora var medlem av kommunistpartiet og tok Allen og broren Eugene med på partimøte som born. I tillegg leid mora av ein psykologisk sjukdom som aldri fekk ein ordentleg diagnose. Sjukdommen kunne gje seg utslag i paranoide desillusjonar som at svigermora prøvde å ta livet av henne, eller at presidenten hadde planta avlyttingsutstyr heime hjå familien hennar. Etter eit sjølvmordsforsøk vart mora sett inn på eit mentalsjukehus.

Allen Ginsberg studerte på Columbia University og vart her kjend med mellom anna dei unge skribentane Jack Kerouac og William S. Burroughs. Då Gimsberg gav ut si fyrste diktsamling i 1956, Howl and Other Poems vart «Howl» rekna som skandaløst på grunn av rått språk, og vart snart bannlyst for å vera obskønt. I diktet fordømde han det han såg som dei destruktive kreftene i kapitalismen og konformiteten i USA. Den berømte fyrste linja i diktet lyder slik: «I saw the best minds of my generation destroyed by madness, starving hysterical naked....» - «Eg såg dei beste sinna i min generasjon øydelagde av galskap, sveltande hysteriske nakne...» Seinare vart bannlysinga heva av domstolane av di diktet kunne ha forløysande kunstnarisk verdi.

Allen Ginsberg levde saman med partnaren Peter Orlovsky frå 1950-talet og heilt til Ginsberg døydde i 1997. På slutten av livet, då Ginsberg visste at han ikkje hadde lenge igjen, var han fast bestemt på å ringja til alle kontaktane i addresseboka si for å ta farvel. I april 1997 bestemte eit dusin av dei gamle venene og kjærastane hans at dei ville koma og overnatta i loftsleilegheita hans i New York den 4. april. Om natta begynte Ginsberg å pusta tungt og laga lydar i søvne, noko som vekte gjestene. Han vart undersøkt av ein lege som fastslo at døden var nært føreståande. Nokre augneblinkar seinare slutta Ginsberg å pusta, med alle venene samla i nærleiken. Ginsberg var ein praktiserande buddhist. Guruen hans og andre buddhistar messa over kroppen hans i timevis etter dødsfallet fram til guruen kunngjorde at ånda hans Ginsberg hadde forlate kroppen.

Fleire av dikta til Ginsberg finst i norsk gjendiktning, mellom anna i diktsamlinga I hjertet av malstrømmen av Olav Angell og Jòn Sveinbjørn Jònsson.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Namnetrekket til Ginsberg i Cosmopolitan Greetings.
  • Howl and Other Poems (1956)
  • Kaddish and Other Poems (1961)
  • Empty Mirror: Early Poems (1961)
  • Reality Sandwiches (1963)
  • The Yage Letters (1963) – med William S. Burroughs
  • Planet News (1971)
  • First Blues: Rags, Ballads & Harmonium Songs 1971 - 1974 (1975)
  • The Gates of Wrath: Rhymed Poems 1948–1951 (1972)
  • The Fall of America: Poems of These States (1973)
  • Iron Horse (1972)
  • Sad Dust Glories: poems during work summer in woods (1975)
  • Mind Breaths (1978)
  • Plutonian Ode: Poems 1977–1980 (1981)
  • Collected Poems 1947–1980 (1984)
  • White Shroud Poems: 1980–1985 (1986)
  • Cosmopolitan Greetings Poems: 1986–1993 (1994)
  • Howl Annotated (1995)
  • Illuminated Poems (1996)
  • Selected Poems: 1947–1995 (1996)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Øverland, Orm. «Allen Ginsberg» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 12. april 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]