Hopp til innhald

Allisonbreen på Heardøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om breen på Heardøya. For breen i Victoria Land, sjå Allisonbreen i Antarktis.
Allisonbreen
isstraum
Land  Australia
Stad Heardøya
 - koordinatar 53°04′S 73°24′E / 53.067°S 73.400°E / -53.067; 73.400
Kjelde Big Ben
Munning like sør for Cape Gazert
Tjukkleik kring 55 meter
Kart
Allisonbreen
53°04′00″S 73°24′00″E / 53.0667°S 73.4°E / -53.0667; 73.4

Allisonbreen er ein isstraum på vestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Allisonbreen flyt frå fjellmassivet Big Ben og ned til sjøen sør for Cape Gazert.[1] Nord for Allisonbreen ligg Vahselbreen, med fronten i South West Bay, mellom Erratic Point og Cape Gazert. Like nord for Vahselbreen ligg Schmidtbreen med enden mellom Mount Drygalski og North West Cornice. Sør for Allisonbreen ligg Abbotsmithbreen, medan Cape Gazert er like vest.

Oppdaging og namngjeving

[endre | endre wikiteksten]

Allisonbreen vart kalla opp etter Ian Allison, ein glasiolog som utførte glasiologiske undersøkingar i området i 1971 for Australian Antarctic Division i løpet av Den fransk-australasiatiske antarktisekspedisjonen.[1]

  1. 1,0 1,1 «Allison Glacier». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]