Allopatrisk artsdanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Allopatrisk artsdanning viser til artsdanninga som kan skje når ulike bestandar av ein art blir skilde frå kvarandre på ein måte som hindrar genflyt.

Individ frå to allopatriske populasjonar kan vanlegvis ikkje formeira seg fritt med kvarandre på grunn av at dei er geografisk skilde. Evolusjon via naturleg utval eller genetisk drift i allopatriske populasjoner kan over tid føra til at individ frå dei ulike populasjonane ikkje kan få avkom med kvarandre lenger. Evolusjonære endringar i allopatriske populasjonar er derfor ei viktig medverkande årsak til danninga av nye artar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Allopatrisk». Store norske leksikon. 14. mai 2013. Henta 25. mai 2016.