Almost Cut My Hair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Almost Cut My Hair»
Song av Crosby, Stills, Nash & Young
frå albumet Déjà Vu
Utgjeve 1970
Innspelt 9. januar 1970 i Wally Heider's "Studio C" i San Francisco
Sjanger Rock
Lengd 4:18
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) David Crosby
Produsent Neil Young
David Crosby
Graham Nash
Stephen Stills

«Almost Cut My Hair» er ein song skriven av David Crosby og innspelt av Crosby, Stills, Nash & Young for albumet Déjà Vu i 1970.

Songen er ein hymne til opprør og personleg fridom og vart innspelt i Wally Heiders «Studio C» i San Francisco. Det er ein av få songar frå Déjà Vu som vart spelt inn live av CSN&Y. Songen syner det rå og ufortrødne raseriet som vart synonymt med det elektriske materiale til supergruppa.[1] I følgje Allmusic er det liten tvil om at Crosby dominerer innspelinga med det som kanskje er den mest lidenskaplege vokalen i heile karrieren hans.[1] «Almost Cut My Hair» demonstrerer òg den trevegs elektriske «gitar-samtalen» mellom Crosby, Stephen Stills og Neil Young. Dette er mest truleg i instrumentalpartiet før «When I finally get myself together...».[1]

Det finst ein lengre og uklipt versjon av songen i plateboksen CSN. Ein soloversjon av songen med Black Crowes-vokalisten Chris Robinson finst på konsertplata til Crosby, It's All Coming Back to Me Now... frå 1994.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]