Alnsjøfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alnsjøfeltet er eit geologisk felt i Lillomarka som tilhøyrer Nittedalkalderaen og som strekkjer seg frå Årvoll-Tonsen i vest til Grorud i aust. Kalderaen vart danna ved vulkansk aktivitet i permtida og seinare kollaps av vulkankjegla.

Alnsjøfeltet er eit geologisk verneverdig område. Det var bergverksdrift ved Gothalfske Kobberverk i første halvdelen av 1700-talet og 1880-98. Området består for ein stor del av listebasalt med innslag av kollapsbreksje. Berggrunnen dokumenterer hyppige skifte i vulkansk aktivitet for 250 millionar år sidan (permtida).

Alnsjøfeltet demmer opp Alnsjøen som har utløp i Alna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]