Alog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alog
OpphavTromsø
Aktiv1997 -
SjangerElektronika
PlateselskapRune Grammofon
MedlemmerEspen Sommer Eide
Dag-Are Haugan
PrisarSpellemannprisen i elektronika

Alog er ein norsk elektronika-duo som vart skipa i Tromsø i 1997. Gruppa vart danna av Espen Sommer Eide (f. 1972) og Dag-Are Haugan (f. 1970), og det er framleis dei to som utgjer Alog. [1]

Etter å ha gjeve ut 'Alog EP i 1998, platedebuterte Alog med Red Shift Swing i 1999. I 2001 kom andreplata Duck-Rabbit før dei gav ut Miniatures i 2005. Under Spellemannprisen 2005 vann Alog i klassen elektronika for plata.

Den siste studioplata til Alog har fått namnet Amateur, og kom ut i 2007. Ifylgje gruppa sjølv har denne plata blitt til etter ein lang arbeidsprosess i lag med musikarane Nicholas Møllerhaug og Sigbjørn Apeland. Alog har her arbeidd med ymse akustiske instrument, og gjort opptak langs heile norskekysten, gjerne på musikkskular eller små klasserom. Ifylgje dei sjølve blei dei stundom sitjande vêrfaste på øyar i Nord-Noreg. Føremålet med reisa var å finna eit bestemt og ekte, nærmast amatørmessig lydbilete - derav platenamnet. [2] Amateur vart nominert i elektronikaklassen til Spellemannprisen 2007, men vann ikkje. [3]

I 2011 gav Alog ut sitt så langt siste album, Unemployed. Cd-en kom ut saman med ein 4x LP-samling og dobbel-cden Twin Concerts.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

[4]

  • 1998: Alog EP
  • 1999: Red Shift Swing
  • 2001: Duck-Rabbit
  • 2005: Miniatures
  • 2005: Catch that totem! (Samleplate/remiks)
  • 2006: Islands of Memory EP
  • 2006: Just recording (LP i avgrensa opplag)
  • 2007: Amateur
  • 2009: Split series 20 EP saman med Astral Social Club
  • 2011: Unemployed (saman med LP-samling)
  • 2011: Twin Concerts

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]