Hopp til innhald

Spellemannprisen 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 2007 blei delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 2. februar 2008. Hellbillies blei kåra til Årets spellemann, DumDum Boys fekk heidersprisen frå juryen og Rolf Løvland fekk bransjeprisen. Trompetisten Tine Thing Helseth blei kåra til «årets nykomar» og fekk dermed eit arbeidsstipend på 200 000 kroner. Stipendet, som blei delt ut for første gong, blei delt ut av vederlagsbyrået Gramo for å gje vinnaren «eit utgangspunkt for å arbeide vidare med musikken sin, slik at dei kan glede oss meir i framtida».

Då påmeldingsfristen gjekk ut i desember 2007, var det registrert 625 påmeldingar. Mellom desse blei dei nominerte i dei ulike klassane plukka ut og offentleggjort 3. januar 2008. Vinnaren av dei ulike klassane, inkludert Årets spellemann, blei kåra av ein jury, med unntak av årets musikkvideo og årets hit der publikum har hatt høve til å vere med å røyste fram vinnaren. Det blei på førehand ikkje offentleggjort nokon nominasjonar til Årets spellemann, heidersprisen frå juryen og bransjeprisen. Prisen for årets musikkvideo blei utdelt på TV 2-programmet Fredag dagen før hovudutdelinga.

Prisutdelinga blei overført direkte på TV 2, med Harald Rønneberg og Thomas Numme som programleiarar.

Klasse Artist Tittel Plateselskap
Kvinneleg artistSusanne SundførSusanne SundførMBN
Mannleg artistMagnetThe Simple LifeSony BMG
PopgruppeSuperfamilyWarszawaPropeller Rec.
ElektronikaSalvatoreDays Of RageRacing Junior
SamtidsmusikkKari Rønnekleiv / Ole-Henrik MoeCiaccona/3 Persephone PerceptionsRune Grammofon
RockMy Midnight CreepsHistamin MMC Records
BluesGrandeUppers, Downers, Screamers & HowlersFabuloso Records
CountryHellbilliesSpissrotgangEMI Music Norway
MetalMayhemOrdo Ad ChaoSeason Of Mist
Hip hopMadconSo Dark The Con Of ManBonner Amigo
Folkemusikk/gammaldansSigrid MoldestadTausHeilo
DanseorkesterAnne NørdstiLivli’ På LåvenTylden & Co
JazzPetter WettreFountain Of YouthHousehold Records
Klassisk musikkBergen Philharmonic OrchestraProkofiev: Romeo & JulietBis Records AB
ViserHenning KvitnesStemmer I GressetBonnier Amigo/Scandicana
Open klasseLive Maria RoggenCircuit SongsJazzland
BarneplateRasmus Og Verdens Beste BandKyssing E Hæsli…MBN
Årets nykomarTine Thing HelsethHaydn/Hummel/Albinoni/NerudaSimax Classics
Årets hitMadcon«Beggin'»Bonner Amigo
Årets musikkvideoDimmu Borgir«The Serpentine Offering»Nuclear Blast
Årets spellemannHellbillies
BransjeprisRolf Løvland
Heidersprisen frå juryenDumDum Boys

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]