Alonzo Babers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alonzo Babers


Alonzo Babers i 1984 med OL-medaljane

Statsborgarskap USA
Fødd 31. oktober 1961 (62 år)
Montgomery
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Alonzo Carl Babers (fødd 31. oktober 1961) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Montgomery i delstaten Alabama som i 1984 vart olympisk meister på 400 meter og i 4 x 400 meter stafett.

Babers sprang den fyrste etappen for USA i 4 x 400 m stafett under verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki, der laget hans vart nummer seks. Året etter kvalifiserte han seg til Sommar-OL ved å sette personleg rekord på 400 meter i OL-uttakinga med tida 44,75 sekundar. I OL-finalen i Los Angeles forbetra han den personlege rekorden til 44,27 og vann ein klar siger framom Gabriel Tiacoh frå Elfenbeinskysten som kom i mål på 44,54. Sidan i leikane tok Babers seg av den tredje etappen då han og lagkameratane Sunder Nix, Ray Armstead og ankermann Antonio McKay vann stafettgull på tida 2.57,9, vel sekundet føre Storbritannia på sølvplass.

Ein månad etter Sommar-OL 1984 var over, byrja Babers å utdanne seg til flygar i USA sitt flyvåpen. Frå 1991 var han flygar i sivil luftfart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]