Alpane på månen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Montes Alpes
fjell
Montes Alpes (LRO).png
Topp Månen
Koordinat 46°24′N 0°48′W

Alpane på månen
48°22′ N 0°35′ W
Mare Imbrium med Alpane markert som D
Mare Imbrium med Alpane markert som D
Wikimedia Commons: Montes Alpes

Alpane eller Montes Alpes er ei fjellkjede nord på månen. Ho er kalla opp etter Alpane i Europa.

Fjellkda dannar nordaustsida av månehavet Mare Imbrium. Vest for fjellkjeda er landskapet flatt og nesten utan særpreg, meda austsida er meir kupert og har høgare albedo. Fjellkjeda byrjar ein kraterdiameter nordvest for Cassini, ved Promontorium Agassiz, og strekkjer seg kring 50 km mot nordvest og held fram diskontinuerleg austover til det mørke krateret Plato. I denne siste delen finst eit system av riller kalla Rimae Plato.

Den nordvestlege tredjedelen av fjellkda er skild frå resten av fjella av Vallis Alpes, ein brei riftdal som strekkjr seg frå ei smal kløft i Alpane i nordaust til kanten av Mare Frigoris. Den totale lengda av denne formasjonen er kring 180 km, og er på det breiaste 20 km.

Det høgaste fjellet ligg Mons Blanc, ein topp med ei høgd på kring 3600 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]