Alphen aan den Rijn
Alphen aan den Rijn | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
![]() Zuid-Holland | ||||
Borgarmeister | Liesbeth Spies | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
57,68 km² 55,06 km² 2,61 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
71 545 1 299/km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.alphenaandenrijn.nl |
Alphen aan den Rijn er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg mellom byane Leiden og Utrecht ved elva Oude Rijn (Gamle Rhinen), der elva Gouwe forgreinar seg. Ruinane av ei gammal romersk festning ligg i byen.
Kommunen Alphen aan den Rijn inkluderer òg tettstadane Aarlanderveen og Zwammerdam. Byen ligg i det som vert kalla «det grøne hjartet» av Nederland, som er eit noko mindre folkesett område i storbyområdet Randstad.
Namnet Alphen kjem truleg frå den gamle romerske festninga Albanianae, som tyder «busetnaden ved det kvite vatnet».
Ridderhof[endre | endre wikiteksten]
Laurdag 9. april 2011 drap den nederlandske 24-åringen Tristan van der Vlis tre kvinner og tre menn og seg sjølv på kjøpesenteret Ridderhof. Han skaut med ein maskinpistol mot folkemengda inne på senteret. Til saman døyde 7 personar og 16 blei skada. [2] [3] [4] [5] [6] [7]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Alphen aan den Rijn» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.