Altinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Altinn er ein nettportal og ein teknisk plattform for å levere elektroniske skjema til det offentlege, men tilbyr også andre elektroniske tenester, som meldingar frå det offentlege og innsynstenester i offentlege register. Skattemeldinga (sjølvmeldinga) (både for næringsliv og privatpersonar) er den mest brukte tenesta i Altinn.

Ein kan sjå Altinn frå forskjellige perspektiv:

Sluttbrukarperspektivet Den offentlege internettportalen www.altinn.no, der næringslivet får tilgang til elektroniske skjema og tenester og informasjon om regelverk. Profesjonelle brukarar vil forhalde seg meir til Altinn som ein nett-teneste (ws.altinn.no), der dei kan sende inn data direkte frå sine eigne datasystem (sjå liste over datasystemer med integrasjon mot Altinn).

Organisatorisk perspektiv (samhandlingsperspektiv) Eit tverretatleg samarbeid for å redusere næringslivet sine skjemabyrder overfor det offentlege

IT-perspektiv (samhandlingsperspektiv) Ei «verktøykasse» offentlege etatar kan bruke for å produsere og få drifta elektroniske skjema og tenester overfor både næringsliv og privatpersonar

Kort om historia til Altinn[endre | endre wikiteksten]

Det var Skattedirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistra som starta samarbeidet om ei felles innrapporteringsløysing rundt årtusenskiftet. I første omgang vart det etablert den såkalla «Avgivarløysinga», som var ei enkel, meldingsbasert teneste. Samtidig jobba etatane vidare med Altinn-prosjektet.

Altinn-portalen vart opna 4. desember 2003 av dåverande nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen og finansminister Per-Kristian Foss. Forvaltinga av Altinn-løysinga vart i mai 2004 overlatt til Brønnøysundregistra, som har bygd opp ein stab som har ansvar for drift og vidareutvikling av Altinn og brukarstøttetenesta Altinn brukarservice.

Per oktober 2010 er det 32 deltakarar i Altinn-samarbeidet. Av desse er er 29 deltakarar statlege etatar/tilsyn, to kommunar og éin fylkeskommune.