Alværsund & Mangers Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Alværsund & Mangers Dampskibsselskab var eit dampskipselskap skipa den 17. mai 1895. Det bygde vidare på dampskipselskapet som Seimstrandens Meieri skipa i 1891.

Seimstrandens Dampskibsselskab bygde den einaste båten sin i 1891 som fekk namnet DS «Seimstrand». Ho gjekk åleine som mjølkebåt frå Seim fram til 1895. Då Alværsund & Mangers Dampskibsselskab vart skipa tok dei over «Seimstrand», og bygde same året den fyrste dampbåten DS «Manger». «Manger» forliste derimot alt i 1910, då ho vart rent i senk av DS «Sogn» utanfor Helleneset. Selskapet bygde òg DS «Alværsund» i 1900.

I 1951 vart selskapet slått saman med Lindås-Masfjorden Dampbåtlag til Bergen-Nordhordland Trafikklag.

Flåte[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]