Amantle Montsho
| Amantle Montsho | |
| Statsborgarskap | Botswana |
| Fødd | 4. juli 1983 (42 år) Maun |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 400 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 400 meter damer |
Amantle Montsho (fødd 4. juli 1983) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Botswana som tevla i 400-meterløp. Ho vann VM-gull på 400 meter med ny personleg rekord på 49,56 sekundar i Daegu i 2011. Det var den aller fyrste VM-medaljen vunnen av ein utøvar frå Botswana. To år seinare tok ho sølvmedaljen i same øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva, slått på målstreken av britiske Christine Ohuruogu, begge fekk tida 49,41. Tidlegare i 2013 hadde Montsho forbetra sitt personbeste til 49,33 sekundar under eit stemne i Monaco.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I afrikameisterskapen 2008 i Addis Abeba vart ho afrikameister på tida 49,83, hennar fyrste løp under 50 sekund på spesialdistansen 400 meter. Dei neste fem åra presterte ho årleg løp ned på 49-talet. I 2010 vart ho afrikameister på nytt og ho sigra i samveldeleikane. Ved verdsmeisterskapen 2011 forbetra ho sitt personbeste til 49,56 sekund og kneip gullmedaljen frå Allyson Felix frå USA. Sommaren 2012 vart Montsho afrikameister for tredje gong i rad, vinnartida 49,54 var ny personbeste. Under dei olympiske leikane i London enda ho fjerdeplass, få hundredels sekund unna sølv- og bronseplass. 19. juli 2013 presterte ho livsbeste 49,33 sekund då ho sigra i Herculis-stemnet i Monaco. Få veker seinare gjorde ho sitt livs nest beste løp under VM-finalen. Ho fekk tida 49,41, det same fekk britiske Christine Ohuruogu som vart dømt framom Montsho.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Montsho testa postivt på metylheksanamin, eit stoff på dopinglista, under Samveldeleikane 2014 i Glasgow. Ho vart deretter utestengd frå idrett i to år. I 2017 kom ho tilbake på friidrettsbana. Montsho presterte då på eit lågare nivå. Hennar klart beste løp etter dopingdommen kom i samveldeleikane 2018 der ho vann 400-meteren på tida 50,15. Ho la opp i 2021.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]
- OL 2004 i Aten: Utslått i forsøket (53,77- nr 36)
- VM 2005 i Helsinki: Utslått i forsøket (53,77- nr 40)
- VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (50,90- nr 12)
- OL 2008 i Beijing: Nr 8 – 51,18
- VM 2009 i Berlin: Nr 8 – 50,65
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 49,56, framom Allyson Felix (49,59)
- OL 2012 i London: Nr 4 – 49,75
- VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 49,41, bakom Christine Ohuruogu (også 49,41)
- VM 2017 i London: Utslått i semifinalane (51,28- nr 11)
- OL i 2021 i Tokyo: Braut forsøket
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Amantle Montsho» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1983
- Botswanske friidrettsutøvarar
- Sprintarar
- Botswanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Botswanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Botswanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Botswanske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Dopingsaker i friidrett