Christine Ohuruogu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christine Ohuruogu


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. mai 1984 (39 år)
London
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2014, Samveldeleikane 2006

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Christine Ijeoma Ohuruogu (fødd 17. mai 1984) er ein britisk friidrettsutøvar frå London som har tilhøyrd verdseliten på 400 meter i tida 2006-13. Ho har vunne to VM-gull og eitt OL-gull på distansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ohuruogu var med på det britiske stafettlaget som tok bronsemedaljen på 4 x 400 meter stafett under VM i friidrett 2005 i Helsingfors. Året etter vann Ohuruogu bronsen på 400 meter under samveldeleikane.

Ohuruogu vart verdsmeister på 400 meter i Osaka i 2007. Med ei sterk avsluting vann ho eit svært tett oppgjer med liten margin, 49,61 sekundar mot landskvinna Nicola Sanders sine 49,65 og jamaikanske Novlene Williams 49,66. På den lange stafetten kopierte Storbritannia medaljefangsten frå førre VM med ein ny bronsemedalje.

Under Sommar-OL 2008 vann Ohuruogu OL-gullet på 400 meter med tida 49,62 sekundar, sølvmedaljøren Shericka Williams frå Jamaica fekk notert 49,69. Året etter vart Ohuruogu nummer fem på spesialdistansen ved friidretts-VM i Berlin. To år seinare vart ho diskvalifsert i VM for å ha tjuvstarta i forsøksløpet.

Ved dei olympiske leikane i London i 2012, på stadion ein kilometer frå der ho voks opp, kjempa Ohuruogu og tre andre løparar på oppløpet om OL-medaljane på 400 m. Sanya Richards-Ross frå USA vann med 49,55 sekundar, medan det vart svært jamnt i kampen om sølv og bronse. Ohuruogu kasta seg i mål til sølv på 49,70 sekundar, DeeDee Trotter fekk 49,72 og Amantle Montsho 49,75.

Ohuruogu og Montsho frå Botswana møttest året etter til eit knivskarpt oppgjer i finalen på 400 meter under verdsmeisterskapen i Moskva. Begge vart klokka inn på same tid, 49,41 sekundar, personleg rekord for Ohuruogu sin del. Etter ei sterk avslutning vart ho kåra til vinnar med ein margin på fire tusendels sekund. På 4 x 400 m stafett tok Ohuruogu sin tredje stafettmedalje i bronse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]