Amarkantak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amarkantak
by
Land  India
Areal 47 km²
Folketal 7 074 (2001)
Kart
Amarkantak
22°40′30″ N 81°45′34″ E
Wikimedia Commons: Amarkantak

Amarkantak (NLK Amarakaṇṭaka) er ein pilgrimstad og ein kommune (nagar panchayat) i Anuppur i Madhya Pradesh i India. Amarkantak-regionen er eit unikt naturarvområde og er møtepunkt for fjellkjedene Vindhya og Satpura, med Maikalåsane som hovudpunktet. Narmada-elva, Son-elva og Johilla-elva (ei bielv til Son) har utspring her.


Etter tradisjonen mediterte den indiske mystikaren og diktaren Kabir frå 1400-talet på Kabir Chabutra i Amarkantak. Denne staden blir òg kalla plattforma til Kabir.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Amarakantaka er ein kombinasjon av to sanskritor: Amara (udøyeleg) og kantaka (‘hinder’ eller ‘torn’). Diktaren Kalidas omtalte staden som Amarakuta, som seinare blei til Amarakantaka.[2]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Narmada Kund-tempela ved opphavet til Narmada-elva.

Amarkantak ligg i den indiske delstaten Madhya Pradesh på 22°40′N 81°45′E 22°40′N 81°45′E. Han har ei gjennomsnittleg høgd på 1048 m. Han er knytt til vegnettet gjennom vegar som går gjennom Rewa, Shahdol, Anuppur, Jabalpur, Katni, Bilaspur og Gaurella. Dei næraste jernbanestasjonane er Pendra Road og Anuppur. Den nærmeste flyplassen er Bilaspur lufthamn, 12 mil unna.[3][4]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i India i 2011 hadde Amarkantak 8416 innbyggjarar, der 4.514 var menn og 3.902 kvinner.[5] Lesekunna i Amarkantak er 80,20%, høgare enn gjennomsnittet i staten på 69,32%. Lesekunna blant menn er rundt 88 % og blant kvinner rundt 71 %. 95,51 % av innbyggjarane er hinduar.[5][5]

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Gamle tempel i Amarkantak.

Amarkantak har tilnamnet «kongen av valfart», eller Tirthraj, fordi byen har mange tempel og heilage stadar.[6][7] Det blir sagt i hinduskrifter som Puranaene at Amarkantak er staden der himmelske vesen, vismenn og andre fekk åndelege evne.[7]

  • Oldtidstempel frå Kalachuri-tida, også kjende som Trimukhi-tempel, ligg sør for Narmada Kund, like bak han.[8] Dei blei bygde av Kalachuri-maharadjaen Karnadeva (1041-1073 e.Kr.).)[6]
  • Sarvodaya djaintempel
  • Shri Yantra Mandir i Amarkantak er forma som ein Maha Meru, ein tredimensjonal representasjon av Shri Yatra eller Shri Chakra. Dette tempelet ligg på det heilage landet som blir rekna som opphavet til den heilage Narmada-elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kabir Chabutra». C.P.R. Environmental Education Centre. 
  2. Bhattacharyya, P.K. (1977), Historical Geography of Madhya Pradesh from Earlier Records, Motilal Banarsidass, s. 76, ISBN 9788120833944 
  3. «SpiceJet News». Arkivert frå originalen 14 July 2014. Henta 12 July 2014. 
  4. «Amarkantak PinCode». citypincode.in. Henta 10. mars 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Amarkantak Nagar Panchayat City Population Census 2011-2021 | Madhya Pradesh». 
  6. 6,0 6,1 Mitra, Swati (2012), Templesof Madhya Pradesh – Travel guide, Thomson Press, New Delhi on behalf of Eicher Goodreads Pvt Ltd, s. 89, ISBN 9789380262499 
  7. 7,0 7,1 Warrier, Shrikala (2014). Kamandalu: The Seven Sacred Rivers of Hinduism. Mayur University. 
  8. Chadhar, Mohanlal (2017), Amarakantak kshetra ka puravaibhava, SSDN, Publisher and Distributor, New Delhi, ISBN 978-93-8357-509-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Amarkantak