Madhya Pradesh
![]() | |
Hovudstad | Bhopal |
Flatevidd
- Rangering i India |
308 144 km² 2. |
Folketal (2001) - Rangering i India |
60 385 118 7. |
Grunnlagd | 1. november 1956 |
Offisielle språk | hindi |
Guvernør Øvste minister |
Balram Jakhar Shivraj Singh Chouhan |
Nettstad | www.mp.nic.in |
Madhya Pradesh (hindi मध्य प्रदेश, 'midtre landsdel') er ein delstat sentralt i India. Han er den nest største delstaten i landet, etter Rajasthan.
Madhya Pradesh grensar mot Uttar Pradesh, Chhattisgarh, Maharashtra, Gujarat og Rajasthan. Han var den største delstaten i India fram til 1. november 2000, då Chhattisgarh blei skild ut. Dei største byane er Indore, Bhopal, Jabalpur, Gwalior og Ujjain.
91 % av innbyggjarane i delstaten er hinduar. Etter offisiell klassifisering høyrer til 13,14 % undertrykte kastar og 20,63 % undertrykte stammar.
Hindi er det offisielle språket i Madhya Pradesh, der det blir tala fleire versjonar av hindustani, inkludert urdu, og nærskylde språk som avadhi, bagheli, bundeli, malvi og nimadi. Marathi og pasjto blir tala av større innvandra mindretalsgrupper, medan urfolk snakkar stammespråk som bhili, gondi, kalto, korku.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Madhya Pradesh» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2009.
