Amfetamin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturformelen til (±)-amfetamin.

Amfetamin er ei væske, ved standard romtemperatur og trykk. Det vert ofte omdanna til amfetaminsulfat, som er eit fast stoff. Amfetamin er eit av stoffa som kan føreskrivast for å behandle ADHD.[treng kjelde]

Stoffet er eit alkaloid som første gong vart syntetisert i 1887.

Amfetamin frigjev noradrenalin og dopamin i nervevev.

Kortsiktige effektar av bruk kan vera auka konsentrasjon, senka appetitt, auka sexlyst, auka fysisk energi, nedsett hyperaktivitet hos folk med ADHD, auka kroppstemperatur, auka puls og hovudverk.

Langsiktige effektar kan vera rystelsar, endra sovevanar, svekka immunforsvar, impotens, hjarteproblem og fallande nyre/lungefunksjon.

Amfetamin har smeltepunkt 11.3[1] grader Celsius; kokepunkt 203 grader Celsius, ved 760 mmHg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Amphetamine». Amphetamine. Royal Society of Chemistry. http://www.chemspider.com/Chemical-Structure.13852819.html. Henta 6. november 2013. 
  2. «Amphetamine». Amphetamine. United States National Library of Medicine – National Center for Biotechnology Information. https://pubchem.ncbi.nlm.nih.gov/summary/summary.cgi?cid=3007#section=Chemical-and-Physical-Properties. Henta 13 October 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amfetamin
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.