Amonet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amonet
med hieroglyfar
M17 mn
n
t
Amonet-statue i Karnak.

Amunet, Amaunet og Amonet, 'den gøymde [kvinneleg]', var ei verne- og skapargudinne i Det gamle Egypt.

Amonet var lenge rekna som maken til, eller ei kvinneleg form av, Amon. Paret var ein del av ogdoad, åtte gudar ein tilbad i Hermopolis under Det gamle riket i Egypt. Dei fanst i mørke og kaos i urvatnet før verda blei skapt

Amonet blei mellom anna framstilt som ei kvinne med desjeret-krone haldande ein papyrus-stav.

Ho blei fortrengd av Mut som maken til Amon under Det nye riket i Egypt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Amunet» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • George Hart, The Routledge dictionary of Egyptian gods and goddesses, Psychology Press, 2005, via Google Books
      • Wilkinson, Richard H. (2003). The Complete Gods and Goddesses of Ancient Egypt. Thames & Hudson