Mørke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svart farge representerer absolutt mørke.

Mørke eller mørker er eit opplevd fråvære av lys. Reint eller totalt mørke finst ikkje nokon stader sidan små mengder av lysemitterande partiklar i form av stråling trengjer inn i alle hjørne av universet, sjølv om det menneskelege auget ikkje kan oppdage lyset. Absolutt mørke er berre teoretisk mogleg under vilkåra for det absolutte nullpunktet.

Somme kulturar har sett på mørket som eit stoff i seg sjølv, og det oppstår i ei slik form i «fantasy-litteratur». I denne samanhengen er skugge eit anna namn på fenomenet.

Metafysisk mørke[endre | endre wikiteksten]

Mørke har ein framtredande plass i metafysikk og religion, og er eit ladd symbol i filosofien.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.