Amperetime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amperetime er ei eining for elektrisk ladning med symbol Ah. Eininga vert mellom anna nytta til å angi kapasiteten til elektriske akkumulatorar, som til dømes bilbatteri. 1 Ah er den elektrisitetsmengda som passerer ein straumkrins i løpet av éin time når straumen er éin ampere. 1 Ah er det same som 3600 coulomb (C), som er standard SI-eining for elektrisk ladning.

Amperesekund er det same som 1 coulomb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]