Elektrisk straum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Elektrisk straum er elektrisk ladning per tidseining. Ladningen kan vera elektronar i ein elektrisk leiar, ion i ein elektrolytt, eller elektronar og ion i plasma (ionisert gass)[1].

Elektrisk straum er elektrisk ladning gjennom ei snittflate per tidseining:

det står for tid. For likestraum kan uttrykket forenklast til

Det er her nytta liten for tidsvarierande straum og stor for konstant straum (likestraum). SI-eininga for elektrisk straum er ampere og vert forkorta A.

Elektrisk straum fører til eit magnetfelt omkring leiaren.

Vi definerer straumretninga gåande frå pluss til minus i ein last, og omvendt i ei kjelde. At elektrona faktisk flyttar seg motsett veg spelar inga rolle ved utrekningar.

Fart[endre | endre wikiteksten]

Ein skil mellom fasefarten og driftfarten.

Fasefart: Om ein legg på ei pulsespenning mellom to elektriske leiarar vil ein spenningspuls bevega seg utetter dei elektriske leiarane, men ein fart (fasefart)

der m/s er hastigheita til ei elektromagnetisk bølgje i vakuum og er den relative permitiviteten til isolasjonen mellom leiarane. I eit krinskort til dømes er , så m/s, som er under halvparten av farten i vakuum. Dette er farten signala blir overførte med.

Elektrondriftfart: Om ein nyttar den klassiske partikkelmodellen[2] kan ein finna ein gjennomslittsfart for elektronane, kalla driftfarten:

der er molekylmassen til leiarmaterialet, er konduktiviteten, er spenninga over leiaren, er tettleiken til leiarmaterialet, er elementærladninga, er talet på frie elektron per atom og er lengda på leiaren. I samband med vekselstraum i elnettet snur spennings- og strumretninga 50 gong per sekund, så netto elektrondrift blir svært liten; typisk mindre enn 1 m/s.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. V. Acosta, C.L. Cowan og B.J. Graham, Essentials of moden physics, Harper & Row, 1973.
  2. R.E. Hummel, Electronic properties of materials, 4. utg., Springer, 1985.