Amsler Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amsler Island
øy
Land  Antarktis
Del av Antarktiske Arkipel
Stad Antarktis
 - koordinatar 64°45.8′S 64°5.2′W / 64.7633°S 64.0867°W / -64.7633; -64.0867
Lengd km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Amsler Island
64°45′48″S 64°05′12″W / 64.7633°S 64.0867°W / -64.7633; -64.0867
Amsler Island is located in Antarktis
Amsler Island (Antarktis)

Amsler Island ligg utanfor kysten av Den antarktiske halvøya. Ho er kalla opp etter den amerikanske marinbiologen Charles (Chuck) og Margaret (Maggie) Amsler i University of Alabama at Birmingham. Øya er ei trekanta klipperik granittøy som er kring 2 km lang og 1 km brei. Ein trudde tidlegare ho var ein del av den større øya Île Anvers fordi området mellom øyane er dekt av Marr Ice Piedmont. Rask tilbaketrekking på grunn av global oppvarming synte at det var ei eiga øy i 2004. USA Board on Geographic Names valde dette namnet i 2007 for å ære dei tre tiåra Amsler-familien forska i Île Anvers-området. Amsler Island var den opphavlege staden den amerikanske forskingsbasen Palmer Station låg frå 1965 fram til den noverande stasjonen vart bygt 800 meter lenger unan i 1968.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]