Amy Grant
Amy Grant | |||
| |||
Fødd | 25. november 1960 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Augusta i Georgia | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1976– | ||
Sjanger | kristen popmusikk, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Myrrh, A&M Records | ||
Verka som | songar, låtskrivar, stemmeskodespelar, songar-låtskrivar | ||
Far | Burton Paine Grant | ||
Gift med | Gary Chapman, Vince Gill | ||
Prisar | Gospel Music Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Covenant Awards, Kennedy Center Honors |
Amy Lee Grant (fødd 25. november 1960) er ein USA-amerikansk artist. Ho er best kjend for å ha produsert mykje kristen pop og gospelmusikk.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Amy Grant vart fødd i Augusta i delstaten Georgia, men flytte til Nashville i Tennessee i 1967.[1] Ho gav ut debutalbumet i 1977 på Word Records; det fekk tittelen Amy Grant. Oppfylgjaralbumet My Father's Eyes kom allereie året etter. På sleppefesten til andrealbumet møtte ho musikaren Gary Chapman som ho innleidde eit musikalsk samarbeid med og seinare gifte seg med. Amy Grant heldt fram som ein produktiv artist også i løpet av 1980-åra. Ho fekk sin fyrste Grammy-pris i 1982.
Amy Grant har så langt gjeve ut 20 studioalbum, blant dei fleire joleplater. Fram til i dag har ho vunne 6 Grammy-prisar, fått talrike andre prisar og nominasjonar og selt over 30 millionar plater på verdsbasis. Amy Grant har tre born med Gary Chapman, men dei to er i dag skilde.[2] Ho er no gift med musikaren Vince Gill. Grant og Gill har ei dotter saman, fødd i 2001.[3]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1977: Amy Grant
- 1979: My Father's Eyes
- 1980: Never Alone
- 1982: Age to Age
- 1983: A Christmas Album
- 1984: Straight Ahead
- 1985: Unguarded
- 1988: Lead Me On
- 1991: Heart in Motion
- 1992: Home for Christmas
- 1994: House of Love
- 1997: Behind the Eyes
- 1999: A Christmas to Remember
- 2002: Legacy...Hymns and Faith
- 2003: Simple Things
- 2005: Rock of Ages...Hymns and Faith
- 2010: Somewhere Down the Road
- 2013: How Mercy Looks from Here
- 2016: Tennessee Christmas
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Amy, Grant (2007). Mosaic: Pieces of My Life So Far. Flying Dolphin Press. s. 198–203. ISBN 978-0-385-52289-2.
- ↑ Erik Meers (29. november 1999). «Finally a Duet». People. Arkivert frå originalen 5. februar 2009. Henta 25. desember 2008.
- ↑ «In Perfect Harmony». People. 26. mars 2000. Arkivert frå originalen November 13, 2008. Henta 25. desember 2008.
- Denne artikkelen byggjer på «Amy Grant» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2012.