Augusta i Georgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Augusta
Augusta
Grunnlagt1736
Folketal197,166 (2017)
Høgd over havet45 meter
Plassering

Augusta i Georgia
33°28′12″ N 81°58′30″ W

Augusta er ein by i den amerikanske delstaten Georgia. Ved folketeljinga i 2000 hadde byen eit folketal på 195 182, og han er dermed den andre største byen i Georgia etter Atlanta. Augusta ligg ved Savannah-elva på Georgia si grense mot Sør-Carolina, kring 240 kilometer aust for Atlanta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var opphavleg folkesett av ulike urfolksgrupper som brukte elva til vassforsyning, fiske og transport.

I 1735, to år etter at han hadde grunnlagd Savannah, sende James Oglethorpe ei gruppe soldatar oppover Savannah-elva. Dei hadde ordre om å byggja eit fort ved enden av den navigerbare delen av elva. Leiaren for ekspedisjonen var Noble Jones, som grunnla ein busetnad som eit første forsvarsverk for kystområda mot ein mogleg spansk eller frasnk invasjon frå innlandet.[1] Oglethorpe kalla opp busetjinga etter prinsesse Augusta, kona til Frederick, prinsen av Wales og mor til kong Georg III. Grunnleggingsåret til byen er 1736.[2]

Oglethorpe vitja Augusta i september 1739 på veg tilbake til Savannah frå ei farefull ferd til Coweta Town, nær dagens Phenix City i Alabama.[3] Der hadde han hatt eit møte med 7 000 innfødde krigarar og inngått ein fredsavtale med dei i områda deira i Nord- og Vest-Georgia.[4] Augusta var den andre delstatshovudstaden til Georgia frå 1785 til 1795.[5]

Augusta-kanalen blei bygd i 1847, og byen fekk ei viktig stilling innan bomullshandel.[5]

Bygningar og institusjonar[endre | endre wikiteksten]

I Augusta finn ein kulturminne som Ezekiel Harris House frå 1797, Cotton Exchange frå 1872, heimen til landsfaderen George Walton, barndomsheimen til presiden Woodrow Wilson og den eldste afroamerikanske kyrkja i USA, Springfield Baptist Church.[5] Byen har kallenamnet «The Garden City of the South» på grunn av dei mange store private hagane som finst her.[2]

Utdanningsinstitusjonar her er Augusta University, Paine College og Augusta Technical College.[2]

Militæret driv Fort Gordon med U.S. Army Signal Center og US Army Cyber Center of Excellence.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robertson Jr., Thomas Heard (2002). «The Colonial Plan of Augusta». Georgia Historical Quarterly 86 (4): 511. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Augusta Facts | Augusta, GA - Official Website», www.augustaga.gov, henta 22. juni 2020 
  3. «Coweta Town historical marker». KVWE-TV. Arkivert frå originalen 23. juni 2018. Henta 23. juni 2018. 
  4. Memorial History of Augusta, Georgia: from Its Settlement in 1735 to the Close of the Eighteenth Century by Charles Colcock Jones, Salem Dutcher (Augusta, GA: D. Mason, 1890) page 31
  5. 5,0 5,1 5,2 «History | Augusta, GA - Official Website», www.augustaga.gov, henta 22. juni 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 33°28′N 81°58′W