Anabarbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser plasseringa til Anabarbukta.

Anabarbukta (russisk Анабарский залив eller Anabarskij zaliv) er ei bukt i Laptevhavet i Russland. Ho strekkjer seg mellom neset utanfor munningen av elva Anabar i aust og Nordvikhalvøya. Nordvikbukta ligg vest for denne halvøya, eller bortanfor Kapp Paksa, som ligg ytst på halvøya.

Anabarbukta opnar ut mot nord og er her om lag 76 km brei. Ved bukta ligg estuaret til elva Anabar, som er om lag 40 km lang med ei breidde på 10 km i snitt. Tre elvar munnar ut ved byrjinga av estuaret, Anabar i midten, Tistjakh-Jurjage frå høgre og Suolama frå venstre.

Det kjem ofte mykje ferskvannshelt til munningen av Anabarelva.

Klimaet rundt Anabarbukta er arktisk og stundom særs hardt med lange, bitre vintrar, slik at bukta er dekt av is det meste av året.

Anabarbukta og det omliggande området høyrer til republikken Sakha.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Baron Eduard Von Toll utforska området rundt Anabarbukta i 1893. På denne tida var området ein lite kjend del i det arktiske Russland. Han var den første som kartla platået mellom elvane Anabar og Popigaj.

Det var to busetnader i Anabarbukta i sovjettida. Den eine var Khorgo ved munningen av bukta og den andre var Tostuja lenger inne i bukta der estuaret endar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 73°42′N 114°00′E