Analyse av episke tekstar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Analyse av episke tekstar eller tolking av episke tekstar er ei vanleg skriveoppgåve i norskfaget i den vidaregåande skulen. Eleven blir beden om å gjera greie for innhald og form i ein episk tekst. Somme tider blir det også lagt vekt på å setja teksten inn i ein litteraturhistorisk eller samfunnsmessig samanheng. Episke tekstar som blir nytta i slike oppgåver er noveller, utdrag av romanar, segner, eventyr, mytar og andre episke eller forteljande tekstar. Målet med denne type oppgåver er å gjera eleven til ein meir medviten lesar.

Oppbygging av ei analyseoppgåve[endre | endre wikiteksten]

Ei analyseoppgåve er ein artikkel og skal ha ein klar og oversiktleg struktur. Ein bør ta for seg moment etter moment og belysa dei med karakteristikkar, døme og forklaringar om funksjon. Brukar ein sitat, må ein sitera nøyaktig og markera sitatet på rett måte. Det er vanleg å ha med følgjande moment, og om lag i den rekkjefølgja dei er presenterte her:

  • Innleiing: Presentasjon av teksten. Her tek ein med tittel, sjanger, forfattar og utgjevingsår. Ein kan også ta med litt om forfattaren, tida eller andre ytre forhold som kan vera med på å kasta lys over teksten. Om ein vil kan ein også antyda temaet i teksten her.
  • Personar og handling. Her presenterer ein eit kortfatta oversyn over handlinga og passar på å få med dei viktigaste personane.
  • Forteljar og synsvinkel. Her skal ein forklara kven som er forteljaren i teksten og kva slag synsvinkel som er brukt. Dernest gjeld det om å forklara korleis desse vala verkar inn på teksten. Val av forteljar vil skapa avstand eller nærleik til det fortalde. Val av synsvinkel påverkar forholdet til personane. Ein førstepersonssynsvinkel vil t.d. skapa nærleik til eg-personen. Vi vil oppleva det som skjer med denne personen sine auge, og vi vil som oftast få sympati for personen.
  • Komposisjon. Her er det aktuelt å gjera greie for kronologi eller tidsrekkjefølgje i teksten. Er handlinga kronologisk (med naturleg tidsrekkjefølgje) eller er det broten kronologi? Er det tilbakeblikk eller frampeik i teksten? Kva funksjon har i så fall desse? Finst det parallellhandlingar eller gjentakingar? Blir element sett opp mot kvarandre som parallellar eller kontrastar? Korleis opnar teksten, og korleis sluttar den? Korleis er spenningsoppbygginga i teksten? Finst det eit dramatisk høgdepunkt og eit vendepunkt?
  • Person- og miljøskildring. Karakteriser dei viktigaste personane. Her kan ein ta med ytre og indre eigenskapar, livssituasjon og forhold til andre personar. Er personane samansette eller enkle typar? Endrar dei seg - i så fall korleis? Kva miljø føregår handlinga i? Korleis er det skildra og kva rolle spelar miljøskildringa? Kva verkemiddel nyttar forfattaren for å få fram personar og miljø?
  • Ordval og setningar. Er det nokon spesiell språkbruk som dominerer teksten som heilskap? Er det nytta høgstil, normalstil eller lågstil? Korleis er språket i replikkane? Skil det seg ut frå språket i resten av teksten? Er det nytta dialekt, sjargong eller slang? Er det nytta språklege verkemiddel som metaforar, samanlikningar og symbol? Er setningane forma eller bundne saman på ein spesiell måte? Er det nytta spesiell teiknsetjing? Forklar kva verknad dei ulike verkemidla har for teksten.
  • Konklusjon: Tolking og lesemåtar. Utdjup temaet i teksten. Finn du nokon bodskap i teksten? Kva er di personlege forståing av teksten? Prøv å grunngje tolkinga di med det du har kome fram til tidlegare i oppgåva (analysedelen).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Petter Løvold og Magne Eide Møster, 1988: Analyseboka - Sakprosa - Skjønnlitteratur, Norsk Undervisningsforlag. ISBN 82-7376-004-9
  • Eiliv Vinje, 1993: Tekst og tolking - Innføring i litterær analyse, ad Notam Gyldendal ISBN 82-417-0209-4.