Ancylustid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ancylustid er ein tidsperiode som varte frå kring 10 600 til 7500 år sidan. Dette var under avsmeltinga av isbreane frå den siste istida. Heile Austersjøen og ein del av landområdet omkring var då ein stor ferskvasssjø kalla Ancylussjøen. Denne innsjøen er kalla opp etter ferskvassnigelen Ancylus fluviatilis (høg toppluesnigl) som finst i avleiringar frå denne tida. På denne tida gjekk det ei brei landbru over det noverande Danmark, som knytte Nord-Tyskland saman med Skåne. På grunn av dette vert tida òg kalla for «fastlandsstida».

I klima- og vegetasjonssamanheng vert ancylustida kalla boreal tid. Klimaet var då tørt og varmt med eike- og furuskogar. I arkeologien fell ancylustida saman med Maglemosekulturen eller den såkalla «beinalderen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]