And the Address

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
And the Address
Song av Deep Purple
frå albumet Shades of Deep Purple
Utgjeve Juli 1968
Innspelt 11. mai 1968
Lengd 4:38
Selskap Tetragrammaton (USA)
Parlophone (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore, Jon Lord
Produsent Derek Lawrence
And the Address
Song av Deep Purple
frå albumet Whoosh!
Utgjeve 7. august 2020
Lengd 3:35
Selskap Edel SE & Co. KGaA
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore, Jon Lord
Produsent Bob Ezrin

«And the Address» er ein song av den engelske rockegruppa Deep Purple. Han kom ut på debutplata deira Shades of Deep Purple og i 2020 på albumet deira Whoosh!.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Låten er den aller første bandet komponerte. Han vart skriven av Ritchie Blackmore og Jon Lord før gruppedanninga, men dei to visste at dei snart ville få eit band saman, då dei hadde vorte hyra av musikaren Chris Curtis for å få i gang noko. Curtis hadde nemleg møtt Lord då han var på jakt etter nokre studiomusikarar. Lord fekk snart høyra om ein ung gitarist ved namn Ritchie Blackmore, tilsynelatande med eit eksepsjonelt talent, frå bassisten Nick Simper som òg skulle bli med i Deep Purple.[1]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Samarbeidet til duoen med Curtis fungerte likevel ikkje, då sistnemnde hadde ein tendens til å vera altfor styrande og «sjefete». Lord og Blackmore heldt fram med å jobba saman, ettersom dei likte å spela saman. Snart var dei på jakt etter andre musikarar slik at dei kunne starta eit band. I desember 1967 heime hos Jon Lord i London diskuterte han og Blackmore høvet for eit potensielt prosjekt saman. Det var på denne tida dei byrja å skriva nokre låtar: «And the Address», deretter «Mandrake Root» (opphavleg ein instrumentallåt som etter kvart skulle få tekst).

Sjølve låten opnar med ein orgelintro og fire powerakkordar, etterfølgd av eit hovudtema som blir gjenteke to gonger. Deretter følgjer gitarsolo, hovudtema, orgelsolo og hovudtema som avslutning.

Innspeling og fortsetjing[endre | endre wikiteksten]

Etter at besetninga til bandet var på plass, byrja dei innspelinga av albumet Shades of Deep Purple i mai. «And the Address» var den første låten som vart spelt inn, den 11. mai 1968.[2] Etter utgivinga av albumet vart songen spelt på mange konsertar, og han vart spelt fram til utgivinga av The Book of Taliesyn, seinare i 1968. Dette nyare albumet inneheldt ein annan instrumentallåt, «Wring That Neck», òg kalla «Hard Road» i USA. Denne instrumentalen skulle visa seg å bli meir populær enn «And the Address», og derfor vart den droppa til fordel for nykommaren på konsertane. «Wring That Neck» har halde seg på setlistene til Deep Purple gjennom heile karrieren deira. «And the Address» har nesten aldri vorte spelt på konsert etter 1968, men dei fire første power-akkordene skulle seinare fungera som introduksjon til Mark II-låten «Speed King» når han vart spelt live.

Whoosh!'[endre | endre wikiteksten]

Ein nyinnspelt versjon av låten dukka opp på Deep Purple-albumet Whoosh!] frå 2020. Den einaste musikaren begge innspelingane hadde til felles var trommeslagaren Ian Paice.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. {Robinson, Simon (July 1983). «Nick Simper Interview from «Darker than Blue», July 1983». Darker than Blue. Nick Simper official website. Henta 15. januar 2014. 
  2. Robinson 2000, s. 7.
  3. Neil Jeffries (7. august 2020). «Deep Purple's Whoosh!: confident, mature, and superb». Louder Sound. Henta 8. august 2020.