Shades of Deep Purple
Shades of Deep Purple Studioalbum av Deep Purple | ||
Utgjeve | juli 1968 | |
Innspelt | 11.–13. mai 1968 Pye Studios i London | |
Sjanger | Hardrock, bluesrock, psykedelisk rock, progressiv rock[1] | |
Lengd | 43:27 | |
Selskap | Tetragrammaton (US) Parlophone (UK) | |
Produsent | Derek Lawrence | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Deep Purple-kronologi | ||
Shades of Deep Purple | The Book of Taliesyn (1968)
|
Shades of Deep Purple er debutalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple. Det kom ut i juli 1968 på Tetragrammaton i USA og i september 1968 på Parlophone i Storbritannia.
Det fekk lite merksemd i Storbritannia då det kom ut og selde dårleg. I USA vart albumet ein stor suksess og medvekra til at Deep Purple vart kjende der og etter kvart òg i heimlandet. Stilmessig heller albumet mot psykedelia og progressiv rock.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Øvingane byrja i februar etter at Nick Simper, Jon Lord, Ritchie Blackmore og Ian Paice (som enno ikkje hadde eit skikkeleg trommesett) hadde hyrt inn Rod Evans til å synge etter nokre prøvespelingar. Dei første øvingane involverte hovudsakleg jammar og utdrag av instrumentalane «And The Address» og «Mandrake Root», som Blackmore hadde skrive tidlegare det året.
Den førre prøvesongaren deira, Chris Curtis, hadde ønskt å spele ein Beatles-song for eit eventuelt album og den første songen dei fekk øvd inn skikkeleg var derfor «Help!». «Mandrake Root» fekk tekst, slik at albumet berre kom til å ha éin instrumental.
Etter kvart vart bandet samde om kva songar dei ville ha med og byrja å finpusse øvingane, og spelte inn fleire demoar.
Innspelinga[endre | endre wikiteksten]
Etter demoane var innspelg drog bandet på turné i Skandinavia. Det var på denne tida dei fekk namnet Deep Purple. Då dei kom attende til England fekk dei melding om at Tetragrammaton hadde valt å skrive kontrakt med dei. Bandet gjekk i studio 11. mai 1968 i Pye Studios ved ATV House i London. I lag med Derek Lawrence som produsent og Barry Ainsworth som lydteknikar, arbeidde dei med songane dei hadde øvd inn og spelt inn demoar av før. «And The Address» og «Hey Joe» vart spelt inn først, etterfølgd av «Hush» og «Help» seinare på dagen. Dagen etter spelte dei inn «Love Help Me», «I'm So Glad» (med ein Scheherazade-preludium kalla «Happiness») og «Mandrake Root». Den siste dagen, 13. mai, spelte dei inn «One More Rainy Day» og debutalbumet var ferdig innspelt.
Utgjevinga[endre | endre wikiteksten]
Singelen «Hush» vart gjeven ut i Amerika av Tetragrammaton og vart ein stor suksess med 4. plass på lista i USA og 2. plass i Canada. Songen vart mykje spelt på radio over heile USA, særleg på vestkysten. Albumet kom ut i USA i juli 1968 og nådde til slutt 24. plassen på albumlista. Dette var meir enn dei hadde håpa på og truleg høgare enn selskapet sjølv hadde sett for seg.
Singelen vart òg gjeven ut i Storbritannia, men selde dårleg då det europeiske selskapet deira heller valte å gje ut «Help» som singel. Albumet kom ut i Storbritannia i september 1968 og gjekk nesten umerka hen. I oktober same året drog Deep Purple til USA for å turnere.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «And the Address» | Blackmore, Lord | 4:38 |
2. | «Hush» | Joe South | 4:24 |
3. | «One More Rainy Day» | Lord, Evans | 3:40 |
4. | «Prelude: Happiness/I'm So Glad» | Nikolaj Rimskij-Korsakov[3] Skip James | 7:19 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Mandrake Root» | Blackmore, Lord, Evans | 6:09 |
6. | «Help» | John Lennon, Paul McCartney | 6:01 |
7. | «Love Help Me» | Blackmore, Evans | 3:49 |
8. | «Hey Joe» | Billy Roberts | 7:33 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Shadows» (unytta song frå innspelinga) | Lord, Evans, Simper, Blackmore | 3:39 |
10. | «Love Help Me» (instrumentalversjon) | Blackmore, Evans | 3:30 |
11. | «Help» (alternativt opptak) | John Lennon, Paul McCartney | 5:24 |
12. | «Hey Joe» (BBC Top Gear Session; 14. januar 1969) | Billy Roberts | 4:06 |
13. | «Hush» (TV i USA 1968) | Joe South | 3:53 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Rod Evans - vokal
- Jon Lord - orgel, tangentinstrument, korvokal
- Nick Simper - bass, korvokal
- Ritchie Blackmore - gitar
- Ian Paice - trommer
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Shades of Deep Purple» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Deep Purple early years: Seventy Seven Minutes In Prog Rock Heaven
- ↑ Allmusic review
- ↑ Encyclopedia of recorded sound, Volume 1. Frank W. Hoffmann,the University of California. Routledge, 2005. ISBN 10415971209, ISBN 978-0-415-97120-1