Anders Aune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Aune
Fødd1. mai 1923
Stjørna
Død13. november 2011
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Anders John Aune (1. mai 192313. november 2011) var ein norsk politikar og embetsmann frå Stjørna i Sør-Trøndelag. Han representerte Arbeidarpartiet og seinare Framtid for FinnmarkStortinget, samt fylkesmann i Finnmark.

Far til Aune var arbeidar og heradskasserar i Stjørna. Sjølv gjekk han landbruksskule i 1939 og avla studenteksamen i 1943. Frå 1943 til 1945 sat han i tysk fangenskap. Etter frigjeringa fullførte Aune studiane i rettsvitenskap og vart cand.jur. i 1948.

Sidan arbeidde Aune 1949-50 som sekretær i Prisdirektoratet, før han i 1950 vart fylkesfullmektig i Finnmark. Perioden 1954-59 var han sjukehusdirektør i Finnmark og deretter fylkeskontorsjef i Finnmark 1959–63 og 1967–69. Frå 1963 til -65 fungerte han som fylkesmann i Finnmark. I 1966 og 1967 var han underdirektør ved Direktoratet for jakt, viltstell og ferskvassfiske.

Aune var 1951-52 varaordførar i Vadsø for Arbeidarpartiet og ordførar i 1953–1959. I 1969 fekk han plass på Stortinget for Finnmark for Arbeidarpartiet. Dei fyrste sju vekene som tingmann var han medlem av Kommunalkomiteen, sidan i fireårsperioden av Finanskomiteen. Han var elles medlem av Fullmaktskomiteen frå februar 1972 til han forlet Stortinget hausten 1973. Aune gjekk ut av Stortinget då han hadde sikra seg stillinga som fylkesmann i Finnmark frå 1974, ein jobb han hadde til 1989.

I 1989 melde Aune seg ut av Arbeidarpartiet og stilte til stortingsval for Framtid for Finnmark, til dagleg kalla Aune-lista. Frå 1989 til -93 var han den einaste representanten for FfF på Stortinget. Dei fire åra var han medlem av Finanskomiteen og Fullmaktskomiteen,

Aune vart i 1985 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Same året vart han tildelt ordenen Finlands kvite rose. I 2008 vart ei byste av Anders Aune reist framom rådhuset i Vadsø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]