Anders Bergan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Bergan
Fødd 10. august 1846
Død

28. april 1923

Yrke lærar, bonde, politikar

Anders Olsson Bergan (10. august 184628. april 1923) var ein norsk lærar, gardbrukar, revisor og stortingsmann frå Røros i Sør-Trøndelag. Han var medlem av Venstre.

Bergan var son til ein gardbrukar. Han var lærar i Røros landsokn frå 1862 til-65 og på ny frå 1867. I mellomtida 1865-67 gjekka han på Klæbu seminar der han tok eksamen. År 1878 vart han lærar i folkeskulen på sjølve Røros, styrar av skulen 1889-1909. Frå 1874 var han gardbrukar på Nordre Ryen, eit gardsbruk han overtok etter svigerfaren. I 1894 kjøpte han ein gard nær Røros by, men måtte gå frå denne garden etter odelssøksmål. Han kjøpte eit anna bruk på garden Ryen, eit bruk som han dreiv om sommaren, vintrane budde han i Røros. I 1909 fekk han stilling som statsrevisor, budde då i hovudstaden.

Bergan var 1882-1910 medlem av Røros heradsstyre, frårekna ein valperiode. Han var ordførar i 18 år. Medlem av forlikskommisjonen i 12 år, og av kommisjonen for åstadssaker.

Bergan var stortingsrepresentant 1892-1906 for Søndre Trondhjems amt, 1906-09 og 1913-15 for «Guldalens kreds». Heile tida var han medlem av protokollkomiteen, frå 1904 sekretær i komiteen. I 1902 av nøytralitetskomiteen. 1905-09 og 1913-15 av valkomiteen og 1913-15 av komiteen etter paragraf 75 i grunnlova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]