Hopp til innhald

Anders Ohnstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Ohnstad
StatsborgarskapNoreg
Fødd27. juni 1911
Død

4. mai 2007 (95 år)

Yrkehistorikar

Anders Ohnstad (27. juni 19114. mai 2007) var ein norsk historikar og forfattar. Han har hovudsakleg gitt ut bøker om lokalhistorie og slektsforsking i indre Sogn. Han vaks opp på Ohnstad i Aurland.

Ohnstad var lektor og historikar og er utdanna cand. mag. ved Universitetet i Oslo i 1945. Han leverte hovudfagsoppgåve i 1943, og ho vart publisert i tidsskriftet for historielaget i Sogn i 1948. Han har vore rektor på Leikanger realskule 1944–1945, lektor ved Sogndal gymnas og realskule 1946–1949, Hornnes landsgymnas i Aust–Agder 1950-1954 og Voss gymnas 1954–1979. Han var fram til sin død, forfattar og slektsforskar på heiltid. I perioden 1956-1971 sat han i rådet for historielaget i Sogn, og i styret frå 1971-1979.

Gjennom omfattande gransking meinte Ohnstad å kunne dokumentera at Sverre Sigurdsson (Kong Sverre) hadde sine røter frå garden Sult i Aurland, som seinere endra familienamnet frå Sult til Ohnstad.

I 1999 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull. Han er far til Åsmund Ohnstad.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1983 Vangen kyrkje : Vangskyrkja i Aurland : kyrkje og kristenliv : jubileumsskrift (Aurland: [s.l.]). ISBN 82-90451-04-0
  • 1990 Aurland : samling av artiklar frå Aurland. Bd. 3, Till. [Bd. 1] : Glimt frå Aurlandssoga samling av artiklar frå Aurland (Aurland: Aurland sogelag) I fulltekst ved nb.no
  • 1999 Aurlandsætti i mellomalderen : på Island og her heime (Aurland: s.l.). ISBN 82-994887-1-0
  • 2001 Aurland mellom fjell og fjord : tilskot til kultursoga (Aurland: s.l.). ISBN 82-994887-2-9
  • 2003 Bygde-Noreg er liv laga : små glimt frå Aurland si kultursoge (Aurland: Eige forl.) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]