André Øvredal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
André Øvredal
Fødd 6. mai 1973
Noreg
Yrke filmregissør, manusforfattar, filmprodusent

André Øvredal (fødd 1973) er ein norsk filmregissør og manusforfattar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

André Øvredal utdanna seg innan film (Bachelor of Arts) ved Brooks Institute of Photography i California frå 1996. Her regisserte han thrilleren Future Murder, som kom ut i 2000. Sidan 1998 regisserte han over 100 reklamefilmar før han lanserte langfilmen Trolljegeren i 2010. Filmen hadde eit budsjett på nesten 20 millionar kroner, og hadde m.a. Otto Jespersen og Robert Stoltenberg i hovudrollene. Øvredal var både regissør og manusforfattar på filmen, og filmen vart også send i utlandet.

I 2010 vann Trolljegeren Folkets Amanda under utdelinga av Amandaprisen.

André Øvredal er no aktuell med den nye kortfilmen Tunnelen, basert på ei science-fiction-novelle av Alice Glaser. Filmen finn stad i ei framtidig verd prega av sterk overfolking. [1]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1996: Future Murder (film, regi, manus, produsent)
  • 2001: Ikingut (film, regi av dei norske stemmene)
  • 2001: 3AM Eternal (kortfilm, produsent)
  • 2010: Trolljegeren (film, regi og manus)
  • 2011: Tunnelen (kortfilm, regi)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]