Hopp til innhald

Andrea Berntzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Berntzen
Fødd25. februar 1998 (27 år)
Aktive år2017–
Verka somskodespelar

Andrea Berntzen (fødd 25. februar 1998) er ein norsk skodespelar. Ho vart kjend for hovudrolla som Kaja i Erik Poppe sin film Utøya 22. juli, og vart kåra til beste kvinnelege skodespelar under Amandaprisen 2018 for rolla.[1]

Berntzen har bakgrunn frå skulerevyen på Elvebakken vgs, og i 2017 vart ho kåra til årets kvinnelege skodespelar i Revykavalkadens oppsummering av skulerevyane i Oslo.[2]

I 2018 var Berntzen elev ved Romerike Folkehøgskole.[2] I 2021 spela ho rolla som «Marielle» i julekalenderen til TVNorge, Nissene i bingen.[3]

  1. «Dette er årets Amanda-vinnere 2018». vg.no. 18. august 2018. Henta 25. august 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Andrea (19) er Utøya-ansiktet». Dagsavisen. 9. februar 2018. Henta 14. mars 2018. 
  3. «Eckbo med ny nissekalender». presse.discovery.no (på norsk). Discovery Norge. 10. juni 2021. Henta 8. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]