Andrias scheuchzeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrias scheuchzeri
Andrias scheuchzeri
Andrias scheuchzeri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Amfibium Amphibia
Overorden: Batrachia
Orden: Salamandrar Caudata
Underorden: Cryptobranchoidea
Familie: Cryptobranchidae
Slekt: Andrias
Art: A. scheuchzeri
Vitskapleg namn
Andrias scheuchzeri

Andrias scheuchzeri er ein utdøydd amfibieart i ordenen haleamfibiar. Dyret er kjend frå oligocen til pliocen. Det fossile skjelettet vart funne av den sveitsiske naturforskaren Johann Jakob Scheuchzer i 1726. Han skildra det i 1731 i verket sitt Physica Sacra som Homo diluvii testis «skjelettet av eit stakkars menneske som drukna i syndfloda».

Georges Cuvier påviste i 1811 at fossilet var eit amfibium. Artsnamnet vart føreslått av Holl i 1831 som Salamandra scheuchzeri. Slektsnamnet Andrias vart føreslått av Johann Jakob von Tschudi i 1837.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]