Andy Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andy Stewart
Fødd30. desember 1933
FødestadGlasgow
Død11. oktober 1993 (59 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1955–1993
Sjangerhumormusikk
Instrumentvokal
PlateselskapEMI
Verka somsongar
BornEwan Stewart
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Andy Stewart (30. desember 193311. oktober 1993) var ein skotsk musikar og komikar.

Andy Stewart vart fødd i Glasgow som son av ein lærar, og flytte sidan til Arbroath, der han gjekk på skule. Han debuterte som musikar då han var 18 år gammal, på Gaiety Theatre i Leith. Andy hadde ein lang karriere og turnerte rundt i heile verda, på stader så langt unna som Sør-Afrika og Canada. Han kunne spela konsertar svær tett etter kvarandre, og kunne ofte pendla fram og tilbake over Atlanterhavet fleire gongar i veka.

Musikken hans kan omtalastsom typisk skotsk folkemusikk, med mange humoristiske innslag, litt i same stil som Povel Ramel. Dei best kjende songane hans er «Donald, wheres yer troosers» og «A Scottish soldier». Andy skreiv både på lågskotsk (til dømes «Muckin' o Geordies byre»), skotsk engelsk (til dømes Tunes of glory) og skotsk-gælisk («Cailin Mo Ruin-Sa»).

Han var aktiv heile livet, og heldt den siste konserten sin berre nokre timar før han døydde, i Usher Hall i Edinburgh, til ei innsamling for ein barneheim i Skottland.

Andy Stewart blei omtalt som særs vennleg, som ofte donerte inntektene frå konsertane sine til veldedige formål. Han drog også ofte til ulike sjukehus og eldreheimar og underheldt folk der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]