Anfinnsbrue

Koordinatar: 62°10′26.45″N 9°25′54.71″E / 62.1740139°N 9.4318639°E / 62.1740139; 9.4318639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anfinnsbrua)

62°10′26.45″N 9°25′54.71″E / 62.1740139°N 9.4318639°E / 62.1740139; 9.4318639 Anfinnsbrue, Anfinnsbrua eller Arnfinnsbrua ligg ved Dovregubbens Hall nær VålåsjøDovrefjell. Brua vart bygd rundt 1820 over osen mellom Vålåsjøen og Avsjøen, Anfinns-osen, og er ein del av den gamle Trondheimsvegen. Brua er ei steinkvelvbru, og ansvarleg for bygginga var Paul Paulsson Tofte, brukaren på Tofte på Dovre. Paul Paulsson var ansvarleg for bygginga også av Steinkvelvbrua over elva Jora mellom Lesja og Dovre, og over elva Ula i Sel. Begge desse bruene vart sprengde under siste krigen. Prefikset Anfinn på brua og elveosen, kjem av at det på 1700-talet var ein person med dette namnet som prøvde å busette seg i dette området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]