Angelit
Angelit | |
![]() Angelit ved Faces X i juli 2007 | |
Aktiv | 1989– |
---|---|
Sjanger | Samisk musikk |
Angelit, tidlegare kalla Angelin tytöt (Aŋŋel nieiddat), er ei finsk samisk folkemusikkgruppe skipa av systrene Ursula og Tuuni Länsman i 1989. Historia til gruppa kan likevel førast tilbake til 1982, då Eino Ukkonen, finsklæraren til Ursula og Tuuni Länsman, tok dei og nokre klassekameratar med for å synga på ein samisk festival i Utsjoki. I 1987 gav gruppa ut sin fyrste ikkje-kommersielle kassett som var spelt inn saman med Mari Boine.
I 1989 omkom eit av medlemmen frå gruppa i ei bilulukke, og gruppa blei oppløyst. Ursula og Tuuni skipa saman med Ulla Pirttijärvi ei gruppe dei kalla Angelin tytöt, 'jenter frå Angeli', etter landsbyen Angeli i Enare nord i Finland der dei voks opp. Ulla syng på det fyrste albumet deira, Dolla, og har hatt sin eigen musikkarriere etter å ha gått ut av gruppa.
Gruppa endra namn til Angelit i 1997 på grunn av problem med mange ulike omsetjingar av «Angelin tytöt».
Medlemmer[endre | endre wikiteksten]
- Tuuni Länsman (vokal)
- Ursula Länsman (vokal)
- Alfred Häkkinen (byrja i 1994; gitar og trommer)
- Samuli Kosminen (byrja i 1999; perkusjon)
- Mamba Assefa (byrja i 1999; perkusjon)
- Kimmo Kajasto (byrja i 1999; keyboard, programmering, atmosfære)
Tidlegare medlemmer[endre | endre wikiteksten]
- Ulla Pirttijärvi (vokal)
- Jonne Järvelä (frå Korpiklaani)
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
Album[endre | endre wikiteksten]
Som Angelin tytöt:
- Dolla ('Eld', 1992)
- Giitu ('Takk', 1993)
- Skeaikit ('Latter', 1995)
- The Voice of the North (1997) - samling av dei tre tidlegare albuma
Som Angelit:
- Mánnu ('Månen', 1999)
- Reasons (2003)
Samarbeid[endre | endre wikiteksten]
Alle bortsett frå Final Fantasy-samarbeidet blei laga saman med gruppa Waltari.
- Final Fantasy V Dear Friends (1993)
- So Fine! (1994)
- So Fine 2000 (2000)
- Channel Nordica (2000)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Angelit» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2022.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- [ Offisiell nettstad]
- Angelin Tytöt - "Giddat" (1990)