Samar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«same» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå same (fleirtyding).
Samisk familie rundt 1900.

Samar (tidlegare òg kalla lappar eller finnar) er eit folk som hovudsakleg høyrer heime på Nordkalotten. Namnet same er den skandinaviske forma av det samiske ordet sápmi (nordsamisk) eller saemie (sørsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk.

Samane som folkegruppe kan ha utvikla seg i det siste tusenåret føre vår tidsrekning, da det vart meir samhandling mellom grupper i området og desse gruppene vart meir merksame på fellestrekk og skilnader. Det var i dette tidsrommet siida- eller sijte-systemet vart utvikla. I det samiske befolkningsområdet bur det om lag 75 000 samar. Tradisjonelle samiske levevegar inkluderer reindrift, der dei følgjer etter store reinflokkar på beitevandring, og kystkultur, med kombinasjon av småbruk og fiske — gjerne kombinert med båtbygging eller anna handverk og husflid.

Mange samar snakkar ulike samiske språk, sjølv om ein stor del er vortne assimilerte og har gått over til hovudspråket i det landet dei lever i. Dette gjeld særleg sjøsamar i Noreg.

Etnonymet sápmi, ‘same’[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til ordet saemie (sørsam.) / sápmi (nordsam.), ’same’ er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, dvs den delen av Finland baltarane hadde kontakt med [1]. Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahti ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlege dialektar også gjennom dissimileringa m → pm, slik at vi fekk Sápmi, ’Sameland’. Det same ordet *sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samisk forhistorie i lys av moderne genforsking[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 1990-talet har dei etniske gruppene i Europa og Sibir vorte genetisk kartlagt, framfor alt med hjelp av mtDNA. Det har t.d. vist seg at den genetiske distansen mellom samar og samojedar er større enn mellom danskar og samojedar. Genetisk sett skil samane seg meir frå dei andre europeiske folka enn dei skil seg frå kvarandre, sannsynlegvis fordi dei stammar frå ei lita gruppe forfedrar som kom frå ulike område.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Då dei germanske og baltiske folkeslaga kom til Baltikum og Norden med jordbruket, støtte dei på jegarkulturar. Desse jegarkulturane vart delt etter om dei kom inn under framand påverknad eller ikkje. Dei sørleg folkegruppene gjorde det, vart jordbrukarar, og språket deira vart utvikla til dei austersjøfinske språka. Lenger nord, utan dei same vilkåra for jordbruk, vart dei nordlege folkegruppene verande utanfor denne påverknaden, og språket deira utvikla seg i ei anna lei til samisk. Ein faktor som kompliserer dette biletet, som er konstruert med hjelp av språkhistoriske data, er at DNA-studier viser at samar og finnar faktisk skil seg frå kvarandre ein god del DNA-messig. No treng ikkje det stå i motstrid til analysen ovanfor, det kan vere slik at samane tidlegare har snakka eit anna språk, men skifta til nordleg ur-austersjøfinsk (eller nordaust-ur-uralsk) etter påverknad frå m.a. finsk, men slik at det vesturalske språkområdet seinare har vorte delt, etter graden av baltisk og germansk påverknad.

Arkeologisk sett er det mogleg å knyte samane til skiferkulturen og til den kamkeramiske kulturen.

Historisk tid[endre | endre wikiteksten]

Det er truleg samane Tacitus skriv om når han i Germania frå år 98 e.kr. nemner fenni.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 700-talet skriv Paulus Daconus ved Karl den stores hoff om skridfinnar, og viser til skia til samane. På 800-talet skildrar Ottar eit folk som passar rein og kallast fenni.

Kor langt sør den samiske busetjinga i Noreg har strekt seg, er eit tema som framleis blir drøfta av historikarar og arkeologar. Historikaren Yngvar Nielsen fekk i 1889 i oppdrag av styresmaktene å undersøkja dette spørsmålet, i samband med stridsspørsmål om samiske rettar til land i Midt-Noreg. Han konkluderte med at samane ikkje hadde budd lenger sør enn Lierne i Nord-Trøndelag fram til rundt 1500, og at dei då hadde teke til å vandra sørover. Han meinte at dei nådde Tyldalfjella ved Femunden på 1700-talet.[2] Denne hypotesen vert framleis akseptert av mange historikarar, til dømes i Trøndelags historie, som kom ut i 2005.[3] Men på 2000-talet har dette spørsmålet blitt drøfta i den akademiske litteraturen. Det blir framheva til støtte for Nielsen sitt syn at det ikkje finst spor i kjeldene av samisk busetjing i sørlegare strøk i mellomalderen, og heller ikkje samiske stadnamn i Røros- og Femunden-traktene. Mot dette blir det trekt fram at den samiske kulturen var nomadisk og skriftlaus, og at samane si stilling som minoritet har ført til at eventuelle samiske namn i desse områda har blitt fortrengd av norske.[4] I seinare år har stadig fleire arkeologiske funn i sørlegare strøk av landet blitt tolka som restar av samisk nærvære. Dette gjeld mellom anna funn i Lesja, i Vang i Valdres og i Hol og Ål i Hallingdal.[4] Desse funna har blitt tolka som teikn på at det fanst ein blanda norrøn og samisk folkesetnad i fjelltraktene i Sør-Noreg i mellomalderen..[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Samar

Historie[endre | endre wikiteksten]

Genetisk-Historie[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Framstillinga av etymologien for sápmi baserer seg på Koivulehto 1993.
  2. Yngvar Nielsen (1891). «Lappernes fremrykning mot syd i Trondhjems stift og Hedemarkens amt». Det norske geografiske selskabs årbog (Kristiania) 1 (1889-1890): 18–52. 
  3. I. Bull et al., Trøndelags historie, (Trondheim, 2005)
  4. 4,0 4,1 4,2 Hege Skalleberg Gjerde (2009). «Samiske tufter i Hallingdal?». Viking (Oslo: Norwegian Archaeological Society) 72 (2009): 197–210. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Carpelan, Christian, Asko Parpola og Petteri Koskikallio 1999: Early Contacts between Uralic and Indo-European. Mémoires de la Société Finno-Ougrienne 242.
  • Koivulehto, Jorma 1993: Suomi. Virittäjä s. 400-408 pdf
  • Rasmussen, Torkel 1999: Sámegiella lea jávkamin. 10 jagi gielain ja mielain. Sámi allaskuvlla avvoseminára raporta. skábmamánu 1.-3. beaivvi 1999. p. 16-19.
  • Sammallahti, Pekka 1984: Saamelaisten esihistoriallinen tausta kielitieteen valossa. Suomen väestön esihistorialliset juuret. Bidrag till kännedom av Finlands natur och folk ; 131, S. 137-156. Helsinki, 1984.
  • Sammallahti, Pekka 1989: A linguist looks at Saami prehistory. Acta borealia : Nordic journal of circumpolar societies.6(1989)no. 2
  • Sammallahti, Pekka 1998: Zur Herkunft der Lappen. Jahrbuch für finnisch-deutsche Literaturbeziehungen : [Mitteilungen aus der Deutschen Bibliothek Helsinki]. Nr. 30(1998) S. 16-22. Helsinki : Deutsche Bibliothek.
  • Sammallahti, Pekka 1998: The Saami languages : an introduction. Kárásjohka : Davvi girji, c1998.