Anna Bogalij-Titovets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Anna Bogalij-Titovets i 2010

Anna Ivanovna Bogalij-Titovets, russisk Анна Ивановна Богалий-Титовец, (fødd 12. juni 1979) i Vozjega i Vologda oblast) er ein russisk skiskyttar. Ho er olympisk meister i stafett.

Anna Ivanovna Bogalij vart fødd i landsbyen Vozjega i Vologda oblast, men då ho var fem år flytta familien til Murmansk. Ho begynte tidleg med skiskyting og oppnådde gode resultat som junior. Allereie i første sesongen hennar som senior, 2000/01-sesongen, vart ho verdsmeister med det russiske stafettlaget i VM i Pokljuka. OL i Salt Lake City året etter vart ein nedtur for Bogali, men i 2004 kom ho sterkt tilbake i VM i Oberhof med sølv på sprinten og bronse på jaktstarten. 2003/04-sesongen vart hennar beste so langt, og ho vann òg sine to første verdscuprenn. I OL i Torino i 2006 fekk ho berre gå ein distanse, 15 km, individuelt, men ho var med på stafettlaget til Russland og var der med å vinna olympisk gull.

9. september 2004 gifta Anna Bogalij seg med Maksim Titovets. Dei bur i Novosibirsk.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 26. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • 5. plass (2003/04)
  • Verdsmeisterskap:
    • 1 gull, 3 sølv, 2 bronse (beste individuelt: sølv på sprinten, 2004)
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (beste individuelt: 18. plass, sprint 2002)
  • Verdscuprenn:
    • 3 gull, 3 sølv, 4 bronse