Anna Seghers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Seghers
Anna Seghers (Bundesarchiv-Bild 183-F0114-0204-003) – retouched by Carschten.jpg
Fødd 19. november 1900
Mainz
Død

1. juni 1983
Aust-Berlin, Berlin

Yrke skribent, romanforfattar, science fiction-forfattar
Språk tysk
Sjanger roman
Ektefelle Johann Lorenz Schmidt
Born Pierre Radvanyi
Anna Seghers på Commons
Bilete av Anna Seghers sin gravstein

Anna Seghers (fødd Reiling, eigentleg Netty Radványi19. november 19001. juni 1983) var ein tysk forfattar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Anna Seghers var fødd i Mainz som det einaste barnet til kunsthandlaren Isidor Reiling og kona hans Hedwig (fødd Fult). Familien var ortodokse jødar. Anna gjekk frå 1907 på ein privatskole, deretter på ein høgare jenteskule frå 1910. I første verdskrigen bidrog ho med krigshjelp. I 1920 tok ho eksamen artium og studerte seinare i Köln og Heidelberg, der ho las seg i historie, kunsthistorie og sinologi. I 1924 gjekk ho ut frå Heidelberg universitet med ei doktoravhandling om jøden og jødedomen i Rembrandts verk.[1]

I 1925 gifta ho seg med den ungarske sosiologen László Radványi. Ekteparet flytta til Berlin og fekk to barn.

Anna Seghers valde pseudonymet sit etter den nederlandske malaren Hercules Pieterszoon Seghers. Den første romanen hennar vart utgjeven i 1928. I same år vart ho medlem i KPD, det tyske kommunistpartiet. Etter nazistane si maktovertaking vart ho arrestert. Bøkene hennar vart forbodne og brunne av nazistane. Seghers emigrerte med familien sin til Paris.

Under den tyske invasjonen av Frankrike flykta ho til landsdelen som vart kontrollert av Vichy-regimet. I mars 1941 klarte ho å få løyve til å emigrera saman med ektemannen og borna til Mexico.

I Mexico arbeidde ho saman med Ludwig Renn og andre eksil-tyskarar for rørsla «Freies Deutschland». Denne organisasjonen tilsvarte Nationalkomitee Freies Deutschland. I 1943 fekk ho vita at mora var drepen i holocaust, i Majdanek.[2]

I 1947 reiste Seghers attende til Tyskland og busette seg i DDR. Ho vart president i DDR sitt forfattarforbund. Ho døydde i Berlin i 1983 og fekk ei statsgravlegging.

Bibliotek, skular og gater vart oppkalla etter henne både i Aust- og Vest-Tyskland. Ho er gravlagd på Dorotheenstädtischen Friedhof og grava hennar er gjort til ein av Berlins æresgraver.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1928 – Aufstand der Fischer von St. Barbara
  • 1930 – Auf dem Wege zur amerikanischen Botschaft und andere Erzählungen
  • 1932 – Die Gefährten
  • 1933 – Der Kopflohn
  • 1935 – Der Weg durch den Februar
  • 1937 – Die Rettung
  • 1940 – Die schönsten Sagen vom Räuber Woynok. Sagen von Artemis
  • 1942 – Das siebte Kreuz
  • 1943 – Der Ausflug der toten Mädchen
  • 1944 – Transit
  • 1948 – Sowjetmenschen. Lebensbeschreibungen nach ihren Berichten
  • 1949 – Die Toten bleiben jung
  • 1949 – Die Hochzeit von Haiti
  • 1950 – Die Linie
  • 1951 – Crisanta
  • 1951 – Die Kinder
  • 1952 – Der Mann und sein Name
  • 1953 – Der Bienenstock
  • 1958 – Brot und Salz
  • 1959 – Die Entscheidung
  • 1961 – Das Licht auf dem Galgen
  • 1963 – Über Tolstoi. Über Dostojewski
  • 1965 – Die Kraft der Schwachen
  • 1967 – Das wirkliche Blau. Eine Geschichte aus Mexiko
  • 1968 – Das Vertrauen
  • 1969 – Glauben an Irdisches
  • 1970 – Briefe an Leser
  • 1970 – Über Kunstwerk und Wirklichkeit
  • 1971 – Überfahrt. Eine Liebesgeschichte
  • 1977 – Steinzeit. Wiederbegegnung
  • 1980 – Drei Frauen aus Haiti
  • 1990 – Der gerechte Richter (frå 1957, men ikkje tidlegare offentleggjort av politiske grunnar)

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

Fleire romanar av Anna Seghers vart filmatisert. Blant dei er filmen The Seventh Cross frå 1944 etter romanen Das siebte Kreuz ein av dei mest kjende. Filmen med Fred Zinnemann som regissør og Spencer Tracy i hovudrolla vart produsert i USA. Ho fekk 75.000 dollar for dette, ein betydeleg sum den gongen.[4]

Den tyske filmen Transit frå 2019 er basert på Seghers roman frå 1944.[5][6]

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anna Seghers». New York Review Books (engelsk). Henta 25. juli 2019. 
  2. Wallace, I. (Ed.). (1998). Anna Seghers in perspective (No. 43). Rodopi.
  3. Liste over Berlins æresgraver på berlin.de, lest 27. august 2013
  4. Steinaecker, Thomas von (23. mai 2018). «Escape from the Nazis: Anna Seghers’s Suspenseful Classic». The New York Review of Books (engelsk). Henta 25. juli 2019. «The breakthrough came with the Hollywood filming. Seghers was paid the fabulous sum of $75,000 in four installments, the last in 1946. This, at least, brought to an end the time of financial distress.» 
  5. «New video: ‘Transit’ is another provocative thriller from director Christian Petzold». Los Angeles Times (engelsk). 28. juni 2019. Henta 25. juli 2019. «Based on Anna Seghers’ 1942 novel — which was set in Marseille, France, among refugees desperately waiting for the paperwork that would allow them to flee the Nazi occupation — Petzold’s “Transit” takes place in the present-day, but keeps Seghers’ plot and characters almost exactly as it is.» 
  6. «Transit». NRK P3 (norsk). 11. juli 2019. Henta 25. juli 2019. «Svaret er at Petzold velger å la fortellingen utspille seg i et slags tidløst univers. Filmen er blottet for dagens moderne teknologi som mobiltelefoner eller andre digitale duppedingser. Samtidig spes det på med små detaljer fra tidsepoken handlingen i Anna Seghers roman opprinnelig var satt i.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]