Anne Hathaway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Hathaway i Cambridge i Massachusetts januar 2010.

Anne Jacqueline Hathaway (fødd 12. november 1982 i Brooklyn i byen New York) er ein USA-amerikansk skodespelar. Hathaway har vunne Oscar-prisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fantine i filmmusikalen Les Misérables (2012).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Anne Hathaway fekk si første større skodespelarrolle i fjernsynsserien Get Real i 1999. I 2001 spela ho hovudroller i Disney-filmen Prinsesse på prøve, i oppfølgjaren frå 2004 og i Den forheksede Ella same året. Ho spela også inn stemma til hovudpersonen i animasjonsfilmane Katteprinsen (2002) og Sannheten om Rødhette (2005) før ho for alvor tok steget bort frå familiefilmane.[1]

I 2005 spela ho i Havoc og Brokeback Mountain og året etter spela ho mot Meryl Streep i komedien The Devil Wears Prada. Ho har vorte brukt i ein del komediar og romantiske komediar dei siste åra, til dømes Rachel Getting Married (2008), Bride Wars (2009) Valentine's Day (2010) og Love & Other Drugs (2010). I tillegg spela ho stemma til «Jewel» i Rio (2011) og den kvite dronninga i Alice i Eventyrland (2010).

I 2012 spela ho Selina i den tredje av dei nyaste Batman-filmane, The Dark Knight Rises. Same året spela ho «Fantine» i Tom Hoopers filmatisering av musikalen Les Misérables. Det var særleg måten ho framførte songen «I Dreamed a Dream» som skapte internasjonal merksemd. Rollefiguren har her vorte tvunge til prostitusjon for å brødfø seg og dottera si. For å få fram det desperate i scena, gjekk Hathaway kraftig ned i vekt og klipte håret kort.[2] Songen vert framført inni ei kiste som liknar ei likkiste. Christopher Orr frå The Atlantic skreiv at «Hathaway gjev alt ho har, ho tek til i stille sorg før ho byggjer det opp til eit forpint klimaks: ho geispar, ho græt, ho hostar. Dersom du blir lamslått av denne scena, noko mange vil bli, (...) kan dette vera filmen for deg.»[3] Ann Hornaday i The Washington Post skreiv: «Midtpunktet i ein film som består av berre midtpunkt, høyrer til Anne Hathaway, som som den tragiske heltinna Fantine syng endå eit av dei minneverdige nummera.»[4]

For denne rolla vann Hathaway heile tretti ulike prisar, mellom anna Oscar-prisen, Golden Globe-prisen, BAFTA-prisen og Screen Actors Guild Award.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittee Rolle Merknad
2001 Princess Diaries, TheThe Princess Diaries Mia Thermopolis
2001 Other Side of Heaven, TheThe Other Side of Heaven Jean Sabin
2002 Cat Returns, TheThe Cat Returns Haru Yoshioka (røyst) Engelsk dubbing
2002 Nicholas Nickleby Madeline Bray
2004 Ella Enchanted Ella of Frell
2004 Princess Diaries 2: Royal Engagement, TheThe Princess Diaries 2: Royal Engagement Mia Thermopolis
2005 Hoodwinked! Red Puckett (voice)
2005 Havoc Allison Lang
2005 Brokeback Mountain Lureen Newsome Twist
2006 Devil Wears Prada, TheThe Devil Wears Prada Andrea Sachs
2007 Becoming Jane Jane Austen
2008 Get Smart Agent 99
2008 Get Smart's Bruce and Lloyd Out of Control Agent 99 Cameo
2008 Passengers Claire Summers
2008 Rachel Getting Married Kym Buchman
2009 Bride Wars Emma Allen
2010 Valentine's Day Liz Curran
2010 [Alice in Wonderland White Queen
2010 Love and Other Drugs Maggie Murdock
2011 Rio Jewel (røyst)
2011 One Day Emma Morley
2012 Dark Knight Rises, TheThe Dark Knight Rises Selina Kyle
2012 Misérables, LesLes Misérables Fantine
2013 Don Jon Emily Lombardo Cameo
2014 Song One Franny Også produsent
2014 Rio 2 Jewel (røyst)
2014 Don Peyote Dream Agent Cameo
2014 Interstellar Amelia Brand
2015 The Intern Jules Ostin Under filming (2015)
2016 Alice in Wonderland: Through the Looking Glass White Queen Under filming (2015)

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
1999–2000 Get Real Meghan Green 22 episodar
2007 Elmo's Christmas Countdown Seg sjølv Spesialepisode
2008–2012 Saturday Night Live Seg sjølv (programleiar) 3 episodar
2009–2012 Simpsons, TheThe Simpsons Jenny/Princess Penelope (røyster) 3 episodar
2010–2011 Family Guy Mother Maggie/Seg sjølv/Hot Blonde (røyster) 3 episodes
2011 83rd Academy Awards Seg sjølv (programleiar) TV special
2015 Behind The Wheel Seg sjølv (programleiar) Episode Two

Teater[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
2009 Twelfth Night[5] Viola Delacorte Theater
2015 Grounded Unnamed Pilot The Public Theater

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]