Meryl Streep

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meryl Streep
Meryl Streep December 2018.jpg
Fødd22. juni 1949 (73 år)
FødestadSummit
FødenamnMary Louise Streep
Aktive år1975–
Verka somfilmskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, stemmeskodespelar, skodespelar, filmprodusent, fjernsynsprodusent
MorMary Wilkinson Streep
EktefelleDon Gummer
SambuarJohn Cazale
BornMamie Gummer, Henry Wolfe Gummer, Grace Gummer, Louisa Gummer
PrisarOscar for beste kvinnelege hovudrolle, Oscar for beste kvinnelige birolle, National Medal of Arts, Donostia-prisen, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, AACTA Award for beste kvinnelige hovedrolle, Satellite Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role, London Film Critics Circle Award for Actress of the Year, Theatre World Award, Cecil B. DeMille Award, New Jersey Hall of Fame, Presidentens fridomsmedalje, Kennedy Center Honors, AFI Life Achievement Award, Rungstedlundprisen, æresdoktor ved Princeton University, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, Screen Actors Guild Award, Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, Æres-César, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, Sølvbjørnen for beste skuespillerinne, Crystal Award, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, æresdoktor ved Harvard University, MTVs filmpris for beste skurk, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, Primetime Emmy Award for Outstanding Narrator, stjerne på Hollywood Walk of Fame, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, Golden Globe Award for Best Actress – Miniseries or Television Film, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama

Mary Louise «Meryl» Streep (fødd 22. juni 1949) er ein amerikansk skodespelar og filantrop.

Streep hadde teaterdebuten sin i Trelawny of the Wells i 1975 og vart nominert til ein Tony Award i 1976 for rolleskildringa i skodespelet 27 Wagons Full of Cotton. I 1977 hadde ho TV-debuten sin med The Deadliest Season og seinare filmdebuten sin med dramafilmen Julia. Ho vann ein Primetime Emmy Award for rolleskildringa i miniserien Holocaust (1978) og vart nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for arbeidet i Hjortejegeren (1978).

Streep har vorte nominert til 21 Oscar-prisar, meir enn nokon annan skodespelar, og er éin av seks skodespelarar som har vunne tre eller fleire Oscar-prisar for skodespel. Ho vann beste kvinnelege birolle for Kramer mot Kramer (1979) og beste kvinnelege hovudrolle for Sofies valg (1982) og Jernkvinnen (2011). Forutan Hjortejegeren, vart Streep òg nominert for Den franske løytnantens kvinne (1981), Silkwood (1983), Mitt Afrika (1985), Jerngress (1987), Et skrik i mørket (1988), Hilsen fra Hollywood (1990), Broene i Madison County (1995), One True Thing (1998), Musikk fra hjertet (1999), Adaptation (2002), The Devil Wears Prada (2006), Doubt (2008), Julie & Julia (2009), Familien, August: Osage County (2013), Into the Woods (2014), Florence Foster Jenkins (2016) og The Post (2017). Streep vende tilbake til teaterscena i 2001, då ho spelte i ei ny oppsetjing av Anton Tsjekhovs Måken. I 2004 vann ho ein ny Primetime Emmy Award for rolletolkinga i miniserien Angels in America (2003).

Streep har vorte nominert til 31 Golden Globe-prisar og vunne åtte av dem. Ho har òg vunne to Screen Actors Guild Awards, ein pris frå filmfestivalen i Cannes og to British Academy Film Awards, og dessutan vorte nominert til fem grammyprisar. I 2004 fekk ho ein ærespris frå det amerikanske filminstituttet og i 2014 vart ho tildelt Presidentens fridomsmedalje. Streep vart òg tildelt æresprisen Cecil B. DeMille Award under den 74. Golden Globe-utdelinga i januar 2017.[1]

Barndom og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Årbokbilde av Meryl Streep frå 1966.

Mary Louise Streep vart fødd 22. juni 1949 i Summit i New Jersey som det første barnet til Mary Wolf Wilkinson (1915–2001), ein reklamekunstnar og kunstredaktør, og Harry William Streep jr. (1910–2003), ein administrerande farmasøyt. Ho har to veslebrør, Dana David og Harry William III.[2][3] Far til Streep var av tysk og sveitsisk bakgrunn. Farssida går tilbake til Loffenau i Tyskland, der tippoldefaren hennar, Gottfried Streeb, emigrerte til USA og der ein av forfedrane hennar var ordførar (etternamnet vart seinare endra til «Streep»). Ein anna slektslinje på farssida var frå Giswil i Sveits. Mor til Streep var av engelsk, tysk og irsk opphav.[4] Nokre av forfedrane til Streep på morssida budde i Pennsylvania og Rhode Island og var etterkommarar av innvandrarar frå England frå 1700-åra.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Streep gifta seg med Don Gummer i september 1978. Dei fekk Henry i 1979. Seinare fekk dei Mamie i 1983, Grace i 1986 og Louisa i 1991

Filmografi i utval[endre | endre wikiteksten]


Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Spelestil og rolleval[endre | endre wikiteksten]

Streeps stjerne på Hollywood Walk of Fame, gitt til henne i 1998

Fleire kritikarar har kommentert Streeps spelestil og korleis han påverkar motspelarane hennar. Streep har sjølv sagt at ho ikkje har ein spesiell spelemetode og at ho berre har eit overflatisk kjennskap til ting ho lærte av ulike dramalærarar. I filmprosjekt ønskjer ho seg regissørar som gir henne full kontroll over si eiga rolleskildring, og som gir henne løyve til å improvisera og læra av sine eigne feil.[5] Biografen Karina Longworth har kalla Streeps rolleskildringar «eksterne» og meiner at ho går inn i rollene sine, i staden for å berre personifisera dei. Rollene i Manhattan (1978) og Kramer mot Kramer (1979) vart samanlikna med rollene til Diane Keaton og Jill Clayburgh, fordi figurane var usympatiske. Streep har rett nok sagt at ho har ein tendens til å velja kvinneroller som er vanskelege å lika og som manglar empati.[5]

Mange kritikarar har kalla Streep ein teknisk skodespelar som prioriterer tekniske detaljar som bakgrunnsinformasjon og aksentar i staden for det instinktive.[5] Denne oppfatninga var spesielt framtredande etter kinosuksessen Mitt Afrika (1985). Ho vart kritisert for dette, og kritikarar meinte at det gjorde skodespelet synleg.[5] Per Haddal frå Aftenposten skreiv i meldinga for Jerngress (1987) at ein «ser teknikken og studiene så tydelig, her har vi med den mekaniske Streep å gjøre».[6] Mick LaSalle frå San Francisco Chronicle skreiv i ei melding for One True Thing (1998) at denne oppfatninga var feil. Han skreiv at Streep er «instinktiv og naturlig [...] hun spiller på inspirasjon».

Streep har òg vorte kjent for evna til å imitera ulike aksentar.[7] Ho har blant anna meistra ein sørstatsaksent i Mann med ambisjoner (1979), standardengelsk i Den franske løytnantens kvinne (1981), ein polsk aksent i Sofies valg (1982), ein dansk aksent i Mitt Afrika (1985), ein irsk aksent i Jerngress (1987), ein australsk aksent i Et skrik i mørket (1988), italiensk aksent i Broene i Madison County (1995) og Bronx-aksent i Doubt (2008). I Jernkvinnen (2011) etterlikna ho den distinkte talestilen til Margaret Thatcher.[8] Streep har sagt at ho voks opp med artistar som Barbra Streisand, The Beatles og Bob Dylan, og at ho lærte mykje om korleis ho kunne bruka stemmen sin ved å høyra på albuma til Streisand.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Meryl Streep:The Recipient Of Our Cecil B. deMille Award 2017». HFPA. 3. november 2016. Henta 29. november 2016. 
  2. Magill 1995.
  3. «Meryl Streep Biography (1949–)». Film Reference.com. Henta 7. januar 2017. 
  4. Louis Gates Jr..
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Longworth 2013.
  6. Haddal, Per (5. august 1988). «Blakk på bunnen». s. 6. 
  7. Halliday, Ayun (18. mars 2015). «Watch Meryl Streep Have Fun with Accents: southern American, Bronx, Polish, Irish, Australian, Yiddish & More». Open Culture. Arkivert frå originalen 13. mai 2015. Henta 20. februar 2018. 
  8. Allison & Goethals 2013.
  9. Allison Waldman (7. februar 2012). «How Barbra Streisand music inspired Meryl Streep». Examiner. Arkivert frå originalen 20. juli 2014. Henta 20. februar 2018. 
Bibliografi


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Meryl Streep