Anne Sundbøhaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anne Sundbøhaugen var ein kjend sogeseiar og eventyrforteljar frå Hjartdal i Telemark.

Anne hadde meste av stoffet sitt etter mora. Kjersti Evindsdotter Haugland frå Flatdal. Rikard Berge roste ho for ein umåteleg tydeleg forteljarstil:

«...de som tok meg mest var den makelause stødleik og klaarleik i segjemaaten av sogune. Ho hadde framifraa minne... Fyridragsmaaten var logn og ikkje sterkt farga, men livande likevel. Ja, stundom kunde han heiltupp verke heller glæleg. Men ein bylgjande rytme i formi verka alltid til at ein var med. De rann for meg som noko merkeleg at same herma var uppatt-teki ordrett likt, stundom brigda ved klimax; de same galdt heile episke ledar. So var stilen so reinska for adjektivisk maaling, so klingande dramatisk i samrøda, so fri for krot og krus. Han var storlina jamvel i skjemteeventyre og rispa...eventyr etter eventyr hadde den same rolege, rytmiske formi, den same knappe segjemaaten, dei same klaare linune. Og kvar dag eg gjekk ned Lidbøen, tenkte eg med meg: Dette er best, betre enn den segjemaaten me fyrr kjenner, betre i stil, betre i folkepsykologi. Denne Oskefisen er ein annan enn den austlandske, ikkje so jovial og morosam kanskje, men meir eitt med hendingi, meir iklædd de eventyrlege langsyn og innsyn.» (frå Norsk Sogukunst av Rikard Berge.

Berge møtte Anne og skreiv opp etter ho våren 1910. Ho budde då på Gvåle i Hjartdal. Ho gifta seg aldri, men levde møykjerring all sin dag, fortalde han sidan.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]