Hopp til innhald

Telemark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Telemark)
«Telemark» omdirigerer hit. For skiteknikken telemark, sjå telemarkskøyring.
Telemark fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Skien
Areal 15 299 km²
   land 13 894 km²
   vatn 1 405 km²
Folketal 177 863  (1. januar 2025)
Folketettleik 13 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad
Fylkesordførar Sven Tore Løksild (Ap)
Fylkesnummer 40
Kart
Telemark fylke
59°20′00″N 8°30′00″E / 59.333333333333°N 8.5°E / 59.333333333333; 8.5
Wikimedia Commons: Telemark
Nettstad: www.telemark.no

Telemark er eit fylke i Noreg, som grensar til Vestfold i søraust, Buskerud i nordaust, Agder i sørvest, og Rogaland og Vestland i nordvest. Frå 2020 til 2023 var Telemark ein del av Vestfold og Telemark fylke.[1]

Fylket dannar på fleire måtar ein overgang frå Austlandet til Sør- og Vestlandet, både geografisk, topografisk, kulturhistorisk og språkleg. Telemark kunne delast inn i fire regionar: Kragerøregionen Vestmar, Vest-Telemark, Aust-Telemark og Grenland (Skien- og Porsgrunnregionen). Skien er administrasjonssenter og den største av sju andre byar i fylket.

Personar som kjem frå Telemark fylke blir kalla for telemarking/teledøl.

Fylkesvåpen

[endre | endre wikiteksten]
Fylkesvåpenet som blei brukt fram til 2020.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1970 og har på gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks. Dette skal symbolisere vern og vørdnad. Fylkesblomen til Telemark er systermarihand, fylkessteinen er brynestein og fylkesfuglen er linerle. Fylkesvåpenet er ein redesigna versjon av fylkesvåpenet for Telemark fylke frå 1970 til fylkessammenslåinga i 2020.[treng kjelde]

Samferdsel

[endre | endre wikiteksten]

I Telemark var vassdraga den viktigaste ferdselsåra rundt 1900. Vassdraget frå Skien til Notodden blei kanalisert i 1861, og til Dalen i 1892. Dette følgde til vegbygging mellom anløpsstadene til kanalbåtane og dei nærliggjande bygdene. No til dags har vassdraga og kanalane berre nytte for turisttrafikken sommarstid. E 18 er hovudvegsambandet for dei sørlege delane av fylket, i Grenlandsområdet. E 134 er det viktigaste vegsambandet i dei indre delane av fylket over Notodden, Seljord, Vinje og Haukelifjell. Riksveg 36 som går frå Eidanger til Seljord bind E 18 og E 134 saman, og fungerer som hovudveg frå nordlege delar av Telemark til Grenlandsområdet. Viktige vegar elles er Riksveg 37 frå Kongsberg over Rjukan til Vinje, Riksveg 38 frå Kragerø gjennom Drangedal og Vrådal til Dalen og Riksveg 41 frå Brunkeberg i Kviteseid gjennom Nissedal til Arendal. Om sommaren er det samband frå E 134 i Høydalsmo gjennom Dalen vestover om Setesdal og Sirdal til Stavanger. Til saman har Telemark 4103 km offentlege vegar.

Første jernbane i Telemark blei opna i 1882 på vegstykket Larvik-Eidanger-Skien. Sørlandsbanen som blei bygd 1920-27, går gjennom Telemark frå Meheia, gjennom Sauherad, , Lunde og Drangedal til Aust-Agder. Ei sidelinje går nordover til Notodden og Tinnoset og sørover til Skien. Skien og Porsgrunn har sitt hovudsamband med Oslo om Vestfoldbanen. Lokaltogsambandet går Porsgrunn-Skien-Nordagutu-Notodden. Telemark har flyplassar i Skien, Notodden og Fyresdal.

Telemark har ei kort kystripe, og her og i låglandet kring Langesundsfjorden strøymer det ofte inn havluft mot områda kring nedre del av Skiensvassdraget. Dei indre, lågare områda blir ikkje like påverka av denne lufta, men dei store innsjøane her medverkar til å dempe og forseinke vinterkulda. Den kaldaste månaden er januar og temperaturen varierer då frå kring -2 °C ved kysten til kring -8 °C i indre strøk. Gaustatoppen har -12 °C. Den lågaste målte minimumstemperaturen er kring -25 °C ved kysten og under -35 °C i enkelte indre strøk. Middel for juli er 16–17 °C i låglandet og i dalane, og søkk til kring med kring 0.7 grader per 100 meter oppover i høgda. Den høgaste målte temperaturen er kring 30 °C ved kysten, og opp til kring 33 °C i indre strøk.

Årsnedbøren er jamnt over 800–1200 mm, litt mindre i indre, lågare strøk, og til dels ein god del meir i fjellområda. I innlandet kjem det mest nedbør om sommaren, medan det ved kysten kjem mest om hausten.

Retninga til dalføra og skjerminga til fjella gjer at det forholdsvis lite vind. Sterke vestlege luftstraumar kan derimot slå ned innimellom og bli forsterka av innsnevringar i dalane. Ved Tinnsjøen har tog blåst av sporet i samband med stormbyer gjennom Vestfjorddalen. Ved kysten bles det oftast frå sørvest om sommaren og frå nordaust om vinteren. Ein sjeldan gong kan pålandsvind av storm styrke føre til store skadar på grunn av opprørt hav og høg vasstand. Det er forholdsvis ofte tåke og tåkedis i Grenlandsområdet, om lag 5 % av året. Den store vassføringa i elva vinterstid fører til at det blir danna is på sjøen frå Langesundfjorden og vestover.

Namnet Telemark (Þelamǫrk eller Þelamørk)[2] var opphavleg berre knytt til om lag dei områda ein dag kallar Aust-Telemark og Vest-Telemark. I dansketida blei namnet skrive i bunden form, Telemarken, men då namnet blei teke i bruk som fylkesnamn blei den ubundne forma Telemark etablert.

Bygdene nedanfor Þelamørk heitte Grenland, mens bygdene nærmast kysten nemndest Grenmar og Vestmar. Grenland femna såleis opphavleg ikkje om kyststripa, slik det gjør i moderne språkbruk, og det er uvisst om det nokosinne har gjort det i historisk tid.

Þelamørk sokna ikkje til noko særleg lagdøme, til skilnad frå mesteparten av Noreg, mens Grenland, Grenmar og Vestmar høyrde til Borgartingslagen. Þelamørk hadde også ei anna form av skattbetaling enn dei sørlegare bygdene, og på slutten av mellomalderen bruktest derfor òg nemningane Skattlandet i nord og Tiendtaket i sør.

Frå og med 1200-talet har noverande Telemark vore samla i ei eining: Fyrst Skiensyssel, seinare Bratsberg len, frå 1661 Bratsberg amt og frå 1919 det noverande namnet Telemark fylke.

Utviding av namnet Telemark

[endre | endre wikiteksten]

Grenland omfatta opphavleg Lindheim skipreide og Volufors (Ulefoss) skipreide, eller etter kommuneinndelinga før 2020: , Sauherad, Notodden (unnateke Lisleherad og Gransherad sokn), Nome (unnatake gamle Flåbygd sokn), Drangedal (unnateke Tørdal sokn), og vestre delen av Skien).

sorenskrivarembetet blei innført i Norge i 1591 blei Grenland ein embetskrins, men krinsen fekk det då nykonstruerte namnet Nedre Telemarken, sjølv om det var historisk misvisande. Namnet Grenland gjekk innan eit århundre i gløymeboka, samstundes som nemninga Telemarken såleis fekk ei utvida tyding. Nedre Telemarken blei i 1843 også namn på eit fogderi, nedlagt i 1898,[3] og eit prosti, nedlagt i 2006,[4], tilsvarande omtrent det same området.

I byrjinga av 1900-talet gjennomgjekk stadnamna i Noreg ei fornorsking. Dei gamle amta skulle skiftast ut med fylke, og helst få meir historisk forankra namn. Bratsbergs amt fekk det noverande namnet Telemark fylke. (Namnforslaget Telemark og Grenland fylke blei vraka - dobbeltnamn var ikkje ønskelege.) Med det nye fylkesnamnet fekk Telemarks-namnet sin noverande og endå meir utvida tyding.

Domssoknet til sorenskrivaren på Gvarv beheldt namnet frå 1593 (seinare med den ubundne forma Nedre Telemark), sjølv om grensene blei justerte nokre gonger, til domstolen blei nedlagd i 2007. Domssoknet blei oppløyst og lagt til nabodomstolane i Seljord (Vest-Telemark tingrett), Notodden (Aust-Telemark tingrett) og Skien. Sistnemnde domstol fekk arve namnet Nedre Telemark tingrett, sjølv om det berre var Nome kommune som følgde med frå det gamle domssoknet med same namn.[5]

Seint på 1900-talet har omgrepet Midt-Telemark blitt etablert på kommunane Bø, Sauherad og Nome, som ligg nokolunde midt i Telemark fylke. Det er såleis å merke seg at omtrent det same område på same tid har vore kalla både Nedre Telemark og Midt-Telemark.

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Skien er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Telemark har 17 kommunar og femner fem prosti med 30 prestegjeld og 63 sokn, vidare fem tingrettsdistrikt og eitt politidistrikt med 17 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Kart Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
4001 Porsgrunn kommune  Porsgrunn Porsgrunn 37 289 170 bokmål Grenland
4003 Skien kommune  Skien Skien 56 866 779 nøytral Grenland
4005 Notodden kommune  Notodden Notodden 13 333 919 nøytral Aust-Telemark
4010 Siljan kommune  Siljan Siljan 2 389 214 nøytral Grenland
4012 Bamble kommune  Bamble Langesund 14 310 304 nøytral Grenland
4014 Kragerø kommune  Kragerø Kragerø 10 446 305 nøytral Vestmar
4016 Drangedal kommune  Drangedal Prestestranda 4 067 1 063 nøytral Vestmar
4018 Nome kommune  Nome Ulefoss 6 558 430 nøytral Midt-Telemark
4020 Midt-Telemark kommune Midt-Telemark kommune Midt-Telemark 11 135 263 nynorsk Midt-Telemark
4022 Seljord kommune  Seljord Seljord 2 981 715 nynorsk Vest-Telemark
4024 Hjartdal kommune  Hjartdal Sauland 1 646 792 nynorsk Aust-Telemark
4026 Tinn kommune Tinn kommune Tinn Rjukan 5 529 2 045 nøytral Aust-Telemark
4028 Kviteseid kommune  Kviteseid Kviteseid 2 473 708 nynorsk Vest-Telemark
4030 Nissedal kommune  Nissedal Treungen 1 486 905 nynorsk Vest-Telemark
4032 Fyresdal kommune  Fyresdal Fyresdal 1 256 1 281 nynorsk Vest-Telemark
4034 Tokke kommune  Tokke Dalen 2 238 984 nynorsk Vest-Telemark
4036 Vinje kommune  Vinje Åmot 3 861 3 106 nynorsk Vest-Telemark
Totalt
Telemark
Telemark
Telemark Skien 177 863 15 299 nøytral Austlandet
Referansar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]