Annik Saxegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annik Saxegaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1905
Stavanger kommune
Død

16. august 1990 (85 år)
Kiel

Yrke journalist, skribent

Anna Constance Saxegaard, kjend som Annik Saxegaard, (21. mai 190516. august 1990) var ein norsk forfattar. Ho skreiv i fyrste rekkje barne- og ungjentebøker. Bøkene hennar er kjende også utanfor Noreg, særleg i Tyskland, men dei har ofte kome ut under eit av dei fleire pseudonyma ho nytta, til dømes Berte Bratt, Nina Nord eller Ulla Scherenhof.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ho var fødd i Stavanger. Familien flytte seinare til Oslo og ho tok artium før ho ei kort tid prøvde seg som skodespelar. Ho var mellom anna med i stumfilmen Brudeferden i Hardanger i 1926, men så vende ho scena og filmen ryggen. Ho arbeidde som journalist, tekstforfattar og som programmedarbeidar i Bergen kringkaster, og etterkvart byrja ho å skrive skjønnlitteratur.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste utgjevinga frå hennar hand kom i 1933 og var ei samling dramatikk for amatørteater; Fem sketcher for unge piker. Året etter kom Katten Busters opplevelserden, den fyrste av ei rekkje bøker med dyreforteljingar for born. I 1935 kom vaksenromanen To værelser og kjøkken. Sjølv om Saxegaard hadde skrive boka for vaksne vart ho oppfatta som ei ungjentebok, og den liberale haldninga til kjærleik og seksualitet samtida meinte å finne i boka, gjekk ikkje like godt heim hjå alle. Boka fekk likevel merksemd og alt same året kom ho ut i svensk omsetjing. Året etter kom ho òg ut på dansk.

I tiåra som kom fekk ho utgjeve ei, eller helst fleire, nyskrivne bøker kvart år, og mange vart omsette og utgjevne i andre land. I 1958 flytta ho til Kiel i Tyskland, og etterkvart byrja ho skrive bøkene sine på tysk, og ein del av desse har aldri kome ut på norsk. Annik Saxegaard døydde i Kiel 16. august 1990.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Lista er ikkje uttømande.

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1933 – Fem sketcher for unge piker
  • 1936 – Nattkalas i pensjonatskolen : skuespill i 1 akt

Dyreforteljingar for born[endre | endre wikiteksten]

  • 1934 – Katten Busters opplevelser
  • 1935 – Hunden Boy forteller
  • 1936 – Folen Borkas bedrifter
  • 1937 – Boy og Buster
  • 1938 – Hvalpen Billy og kattemor
  • 1939 – Billy Rampus og katten Bajas
  • 1941 – Katten Balkis på egen labb
  • 1944 – Burre Bums og Veslemor
  • 1950 – Vesle blå Bonnie
  • 1951 – Ni små Bonnie-hvalper
  • 1952 – Apekatten Bussi
  • 1953 – En uke i hundehagen
  • 1954 – Svartepus, Kvitepus og Bingo
  • 1956 – Hønemor og de andre


Kjelder[endre | endre wikiteksten]