Antiseptikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Antiseptikk er ein metode eller behandling som går ut på å drepa sjukdomsframkallande mikroorganismar, særleg bakteriar. Metoden blei utvikla av den britiske kirurgen Joseph Lister i 1867, og førte til ein revolusjon innan kirurgu. På operasjonsstova i dag er antiseptikken i stor grad, men ikkje heilt, avløyst av aseptikk, der ein unngår skadelege mikroorganismar gjennom sterilisering.

Middel som verker antiseptisk blir kalla antiseptika. Nokre døme på dette er jod, fenol og kloramin.

I Noreg blei antiseptikken innført av Julius Nicolaysen i 1889.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]