Hopp til innhald

Anton Tsjekhov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anton Tsjekhov

PseudonymБрат моего брата, Человек без селизёнки, Антоша Чехонте
StatsborgarskapDet russiske imperiet
Fødd29. januar 1860
Taganrog
Død

15. juli 1904 (44 år)
Badenweiler

Yrkelege, romanforfattar, journalist, skribent, prosaforfatter, satiriker, skodespelforfattar, novelleforfattar
Sjangerrealisme, kortroman
FarPavel Chekhov
MorEvgenia Chekhova
EktefelleOlga Knipper
Prisar3. klasse av Sankt Stanislaus-ordenen, Pusjkinprisen, Medal for works on the first general census, æresborger i det russiske keiserdømme, Sankt Stanislaus-ordenen
Signatur
Anton Tsjekhov på Commons

Anton Pavlovitsj Tsjekhov (29. januar 186015. juli 1904) var ein russisk dramatikar og novellist.

Anton Pavlovitsj Tsjekhov. Oljemåleri av Osib Bariz, 1898. Frå Tretjakovgalleriet

Tsjekhov skapte modellen for det moderne dramaet og representerer overgangen frå realismen til symbolismen. Han skreiv skodespel om det grå og kjedelege tilværet til figurar i det førrevolusjonære Russland. Dei mest kjente av desse er Чайка (Måken) (1895), Три сестры (Tre søstre) (1900) og Вишнёвый сад (Kirsebærhagen) (1903). Her er det treffande samfunnskildringar, men det var primært menneskelege kjensler han ønskte å framstille. Plotta har ofte ytre sett heller lite hendingar, fylt av kjedelege ting som overveldar og lammar alt tilløp til handling. I staden for fysiske konfliktar, dramatiske vendepunkt og fargerike figurar møter ein kvardagsmenneske, eller utstøtte som er fanga i statiske atferdsrutinar. Figurane uttalar seg stort sett om det som har skjedd i fortida. Jo meir dei seier, jo mindre handlar dei. Men under overflata finst valdsame kjensler.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Anton Tsjekhov